Hopp til innhold

Bensintabbe skaper trøbbel

Mannskapet som skulle fylle drivstoff på eit DAT-fly på veg til Florø gløymde å trekke ut slangen då dei var ferdige. 

Danish Air Transport.
Foto: NRK

Dette førte til så store skader på flyet at det måtte takast ut av drift.

Det var tysdag det noko uvanlege uhellet skjedde på Gardermoen. Eit fly i frå selskapet Danish Air Transport på veg til Florø hadde fått fylt opp bensintanken.

Store skader

Problemet var berre at tankingsmannskapet frå Statoil gløymde å kople frå slangen før dei sette seg i tankbilen, og ga full gass. Flyet fekk så store skader i uhellet at det er sett ut av drift i fleire veker. Det har ført til kansellerte avgangar og redusert kapasitet på ruta til Florø.

Tanketosk

- Tanketosk, det er det vi kallar slikt i Danmark, seier DAT-sjef Jesper Rungholm til avisa Firdaposten. No håper flyselskapet å få eit nytt fly på plass til fredag.

Store problem

Tabben skaper problem for den internasjonale folkemusikkfestivalen i Førde som startar i dag, seier arrangementssjef Lene Furuli.

- I fjor var det ei sjuk flyvertinne som skapte problem, i år er det ein bensinslange. Dette er dramatisk, men no ser det ut til at vi får alle på plass, seier ho.

Kryssar fingrane

Furuli i Førdefestivalen kan ikkje anna enn å krysse fingrane.

- Vi har 50 artistar som skal reise frå Florø søndag og måndag morgon, så det kan bli veldig dramatisk. Men vi har god kontakt med DAT, og håper vi saman skal løyse dette, seier ho.