26.05.2012

Trafikkulukke på E39

Fire personar vart sendt til lege etter ei trafikkulukke på E39 mellom Vadheim og Lavik.

- Vi fekk melding like før halv elleve om at det var ei møteulukke på E39 aust for Aven. Det var fire personar i bilane og det er lettare personskader. Dei er sendt til lege for kontroll. Det seier Olaug Holme ved operasjonssentralen  i Florø.