11.02.2012

Kan verte årets bygdeprofil

Kari Standal Pavelich  (Foto: Erlend Blaalid Oldeide/NRK)

Operaeventyret vekkjer merksemd.

Kari Standal Pavelich er ein av tre kandidatar frå Sogn og Fjordane som kan verte kåra til "Arets bygdeprofil 2009" av avisa Nationen. Opera Nordfjord har hausta nasjonal merksemd. Så langt leiar eidaren kåringa.

Pavelich har saman med ektemannen Michael bygd opp Opera Nordfjord til ein fullverdig distriktsopera. Suksessen har ført til landets andre operahus på Nordfjordeid og i haust trekte "Carmen" 4500 publikummarar.

Leiar kåringa

I skrivande stund leiar Standal Pavelich nett og sms-avrøystinga til Nationen. Men ho er ikkje åleine i fylket om å vere nominert. Torodd Fagerheim frå Dale, som er leiar i Landslaget for Nærmiljøskulen, er også nominert. Det same er Moods of Norway frå Stryn ved grunnleggarane Simen Staalnacke og Peder Børresen

- Det er veldig gledeleg og ei stor ære å vere nominert, seier Kari Standal Pavelich. - Det er veldig kjekt at det vert lagt merke til det vi har gjort her og det vi har fått til i lag når alle trår til og er med på ein gigantisk dugnad. Det ville vere fantastisk å vinne, men eg reknar ikkje med det.

Kven som vinn prisen vil verte klart julafta 24. desember.