Frykta innesperra folk i tunnel

Frykta at fem personar var innesperra i krattunnel.
Publisert 20.11.2009 23:03. Oppdatert 20.11.2009 23:18.
- Skriv ut
Fredag kveld fekk politiet melding om at vatn trengte inn i vestre tunnelløp i kraftverket i Kjøsnesfjorden, som er under bygging.
Eit stort redningsapparat vart alarmert. Luftambulanse og redningshelikopter vart utkalla, men alarmen vart avblåst før dei kom seg i lufta.
Meldinga kom inn 22:16, men berre minuttar etter vart det avklart at fem personar som politiet frykta kunne vere i tunnelen var ute og i tryggleik.
Det skal vere mellom ti og femten centimeter vatn i køyrebanen inne i krafttunellen.
Politiet veit førebels ikkje årsaka til at vatnet trengte inn i tunnelen.
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
11/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
















Bjarne Lerum Bilmuseum