11.02.2012

Svikter grøne arbeidsplassar

Mais (Foto: CHARLIE NEIBERGALL/AP)

AVGIFT: Regjeringa har bestemt at det skal bli avgift på diesel laga blant anna av mais.

Foto: CHARLIE NEIBERGALL/AP

– Tidenes mageplask både for klimapolitikken og for grøne arbeidsplassar.

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel meiner regjeringa har svikta grøne arbeidsplassar og dolka næringa i ryggen ved å innføre avgift på biodiesel.

Svikter hjartebarn

Grøne arbeidsplassar og fornybar energi var eit av hjartebarna til SV og Senterpartiet i valkampen. Lødemel meiner partia bryt løfter, og at innføringa av avgifta er elendig nærings- og miljøpolitikk.

(Artikkelen held fram under)

Fyller du tanken med biodiesel?

Velg ett alternativ

Investerer heller utanlands

– Me ser òg at Statoil og Statkraft investerer 10 milliardar kroner i Storbritannia for å utvikle vindkraft for framtida.

Han meiner ein av grunnande til dette er at Noreg ein av dei dårlegaste støtteordningar for fornybar energi i Europa.

– Det kunne vorte ei spanande og framtidsretta næring med mange grøne arbeidsplassar viss regjeringa hadde lagt til rette for det, seier Lødemel.

Held fram kampen

Høgre vil kjempe vidare for å fjerne avgifta, om naudsynt heilt fram til statsbudsjettet vert vedteke 17. desember.