11.02.2012

Tommy Øren signerte for Sogndal

Tommy Øren (Foto: Ole Ramshus Sælthun/NRK)

Tommy Øren skreiv no i ettermiddag under eittårskontrakt med Sogndal

I 2005 forlot årdølen Sogndal, men kjem altså no tilbake etter fiaskosesongen i HamKam.

Eittårskontrakt

Øren har signert for eitt år, og trur det vil gå betre enn på Hamar.

- Det er ein spennande gjeng på gang her, mykje bra talent og nytt trenarteam eg kjenner godt frå før, så det ser lovande ut.

- Kva kan du tilføra laget?

- For det fyrste har eg vore gjennom mykje, så rutinen er der. Eg ser på meg sjølv som ein veldig klok spelar, og hadde ikkje kome hit om eg ikkje hadde trudd eg kan bidra med noko.

Vurdert som spiss

Trond Fylling i trenarteamet er også nøgd.

- Målskårar har han alltid vore. Alle ser jo på Tommy som ein kantspelar, men han vil også heilt sikkert verta vurdert som spiss.