Er dei verdas beste "sonelag"?

STERKT REPRESENTERT: Med fire på landslaget i langrenn er Nordfjord uvanleg godt representert i det beste selskap. Frå venstre Odd-Bjørn Hjelmeset, Morten Aa Djupvik, Ronny Hafsås og Roger Aa Djupvik.
Foto: Rune Fossum/NRKFire av dei involverte nordmennene i helgas verdscupopning i langrenn er frå Nordfjord. Og til vinteren er det OL...
Publisert 20.11.2009 14:12.
- Kommentarer
- Skriv ut
- Det er veldig moro. Vi tek jo snart over heile geskjeften her, ler Roger Aa Djupvik.
Hyaren skal laurdag gå sesongopninga i fri teknikk i verdscupen på Beitostølen. Det skal også Ronny Hafsås frå Stårheim.
Søndag skal Odd-Bjørn Hjelmeset frå Vereide i aksjon på stafetten.
- LES MEIR: Hjelmeset står over verdscupopninga
Krav til sjølvdisiplin

HEKTISK: Morten Aa Djupvik og det norske landslaget i langrenn står framfor ein krevjande og spennande OL-sesong.
Foto: Rune Fossum/NRKMed trenar Morten Aa Djupvik frå Hyen på sidelinja i tillegg, dominerer nordfjordingane no det norske landslaget i langrenn.
- Eg har ikkje noko godt svar på kvifor det er slik, og kanskje er det litt tilfeldig. Men langrenn er nok ein idrett som krev mykje trening - ofte åleine og med stort krav til sjølvdisiplin. Så kor ein kjem ifrå spelar inga stor rolle. Ein god og jordnær oppvekst er eit bra utgangspunkt uansett kva ein skal drive på med, seier Morten Aa Djupvik.
Har friplass til jul
Medan Odd-Bjørn Hjelmeset er ein gammal travar i landslagsmiljøet, er Roger Aa Djupvik og Ronny Hafsås langt ferskare.
- LES OGSÅ: Trio på rekordungt landslag
- LES OGSÅ: Roger vart vraka av bror sin
Aa Djupvik har sikra seg friplass i verdscupen fram til jul takka vere samanlagtsigeren i den skandinaviske cupen sist sesong. Hafsås satsar framleis knallhardt på skiskyting, men har også fått ein fot i langrennsleiren med sitt store potensial i sporet.

RINGREV: Odd-Bjørn Hjelmeset siktar seg inn mot femmila i OL.
Foto: Rune Fossum/NRKAlle vil til OL
NRK Sogn og Fjordane møtte kvartetten frå Nordfjord berre nokre dagar før alvoret brakar laust på Beitostølen.
Alle fire drøymer om ein plass i den norske troppen til OL i Vancouver. Og det er viktig å posisjonere seg heilt frå første stavtak.
- OL er sjølvsagt det store målet for alle som står her. Og eg trur den moglegheiten er stor. Men det er først no alvoret byrjar, og det er no det er viktig å gjere dei rette tinga framover, seier Morten Aa Djupvik.
Lenker
Siste: Sogn og Fjordane
- 3. plass til Haugsbø i ski-maraton
- Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
11/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
3. plass til Haugsbø i ski-maraton - Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten


















Brann i Vassbygdtunnelen