Hopp til innhold

Ny utdanning kan bli lagt ned

Den einaste fullverdige utdanninga for ambulansearbeidarar i fylket er truga.

Ambulanse
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Fylkesdirektør Bekka Skaasheim tilrår nedlegging
av ambulansefag ved Stryn vidaregåande skule, skriv avisa Fjordingen.

Skaasheim meiner at utdanninga i Høyanger skal halde fram.

Viktig i grisgrendt fylke

– Vi har mange i Sogn og Fjordane som jobbar innanfor ambulansetenesta. I eit grisgrendt fylke er det spesielt viktig at dei som jobbar der har ei kvalitativ god utdanning i botn, seier Einar Myklebust som er lærar ved Stryn vidaregåande skule.

Stryn vidaregåande skule fekk ambulansefagutdanninga dette skuleåret, og det var det første tilbodet i Sogn og Fjordane.

Myklebust meiner det er uheldig at utdanninga hanmnar på kuttlista allereie før det første året er omme.

Avgjerd på tysdag

Framlegget om å flytte ambulanseutdanninga frå Stryn til Høyanger kjem på bordet til fylkespolitikarane tysdag. Bekka Skaasheim meiner det ikkje er trong for tilbodet to stader i fylket.

– Ho burde heller sjå på om dei same politikarane kunne løyve nok pengar til ei fullverdig utdanning i fylket, meiner Myklebust.

Myklebust meiner det er spesielt uheldig sidan Stryn vidaregåande skule har den einaste fullverdige utdanninga for ambulansepersonell i Sogn og Fjordane.

I Stryn får elevane tilbod om 27 timar i veka. I Høyanger er det i følgje Myklebust berre åtte timar undervisning i ambulansefag per veke.

Vil ikkje blande seg

Korkje Helse Førde, elevar eller ambulansepersonell vil leggje seg bort i lokaliseringa, men dei understrekar at kvaliteten må vere avgjerande.

Ordførar i Stryn Nils P. Støyva er informert om tilrådinga, og han meiner det er eit uheldig forslag.

– Vi oppmodar politikarane om å halde fram den utdanninga vi har i Stryn, seier Einar Myklebust til NRK.