26.05.2012

Bagasjevogn small i fly

Eit Widerøe-fly som skulle gått frå Sogndal til Oslo vart innstilt i dag tidleg fordi ei bagasjetralle på avvege small inn i flykroppen på Hovden lufthamn i Ørsta.

Lufthamnsjef ved Ørsta/Volda, Arne Ullaland, seier ulukka skjedde då bagasjen skulle lastast ombord.

- Ei bagasjevogn begynte å trille på eigenhand og laga eit lite hol i flyet. Når slikt skjer, har Widerøe prosedyre på dette skal undersøkjast av kyndig personell, seier han.