P3-Grete i strupen på Språkrådet

NAMNESTRID: Språkkontakt i NRK P3, Grete Strøm, går til angrep på regelrytteriet til Språkrådet.
NRK– Eg ser for meg at direktør Lomheim sit i si eiga P2-verd, medan han nippar til ein kopp te.
Publisert 18.11.2009 08:00.
- Kommentarer
- Skriv ut
Kva skal det nært føreståande året heite? Er det «totusenogti »eller «tjueti»? Spørsmålet vekker sterk debatt hjå både ekspertar og folk flest.
Korleis vil du uttale 2010? Ta diskusjonen i kommentarfeltet under.
Regelstyrt i NRK
Grete Strøm i NRK P3 meiner det er idiotisk at tilsette i NRK må seie «totusenogti». Ho er språkkontakt i radiokanalen, og meiner at sjølv om Språkrådet har vedteke at ein skal seie totusenogti, kjem tjueti til å tvinge seg fram fordi det er lettare å seie.
– Å ha ein regel for å ha ein regel, kva er poenget med det, spør Strøm? Og legg til:
«Eg ser for meg at Lomheim sit i si eiga P2-verd, medan han nippar til ein kopp te, les Vinje og nikkar på hovudet – dei færraste gjer det.»
Grete Strøm, språkkontakt i NRK P3
(Artikkelen held fram under røystinga)
Kva vil du seie?
Vil vente med avgjerd

REGELRYTTAR: Sylfest Lomheim, direktør i Språkrådet, er krystallklår. 2010 skal uttalast «totusenogti».
Foto: Aas, Erlend/SCANPIXSpråkkonsulent i NRK, Ruth Vatvedt Fjeld, støttar kritikken til Strøm. Ho legg til at folk seier «tjueti», «tjuefjorten» og så bortetter. Lomheim er ueinig.
– Det er ingen som meiner at NRK ikkje skal ha språkreglar for språkbruk, og reglane dei er heilt klare, slår Lomheim fast.
– Det luraste er å vente med å bestemme noko til ein ser kva som vert mest vanleg, «totusenogti» eller «tjueti», seier Vatvedt Fjeld.
Ho seier det er viktig at språket i NRK ikkje viker frå det alminnelege språket.
Lomheim meiner Strøm ikkje snakkar om reglane i NRK, men om korleis ho trur språkbruken vert om ti, tjue eller tretti år, noko han meiner er ei heilt anna sak.

















E39 stengd i Trodalen
Sjå bileta frå 17. mai-feiringa i Sogn og Fjordane