Meiner kampen må bli langsiktig

Bjørlo meiner politikarane bør ta grep som kan sikre framtida til Nordfjord Sjukehus.
Publisert 17.11.2009 10:09.
- Kommentarer
- Skriv ut
Alfred Bjørlo er forundra over den defensive strategien til politikarane i Nordfjord. I staden for å ha ein langsiktig strategi for korleis den helsefaglege situasjonen skal sjå ut om ti og 20 år, kjempar dei frå dag til dag.
Striden spissar seg
Måndag gjekk fylkeslege Petter Øgar ut og sa at kampen om akuttilbod på lokalsjukehusa går ut over nye pasientgrupper, som må prioriterast.
LES ÒG: akuttilbod på lokalsjukehusa går ut over nye pasientgrupper
No kjem òg den profilerte Venstre-mannen, samfunnsdebattanten og leiar i Måløy Vekst, Alfred Bjørlo, på banen.
Han rettar kritikk mot Nordfjordrådet og seier at dei må jobbe meir framtidsretta og nytte høvet til å styrke sjukehuset i Nordfjord på fleire felt.
Utnytte pengedryss
Det er to område der Nordfjord har unike høve, meiner Bjørlo. Det eine er psykiatri og det andre er samhandlingsreforma.
Bjørlo undrar seg over at Nordfjord-ordførarane ikkje nyttar lovnadene om pengedryss frå regjeringa til å styrke helsetilbodet i regionen. Dei burde gå saman om å bygge ut helsetenestene, som gjer at dei kjem nærmare innbyggjarane.
Ansvarslause politikarar
Det heile handlar om politisk ansvar, legg Bjørlo til.
– Eg forventar at når ein har vald ordførarar og kommunestyre, så må dei ta grep om det viktigaste offentlege kompetansemiljøet ein har i området.
«Me kan berre slå fast at folk ikkje skjønar godt nok at det er Helse Førde som styrer dette her, og ikkje ordførarane i Nordfjord.»
Gunn Helgesen, ordførar i Selje
«Eg har forståing for at Alfred Bjørlo kanskje ikkje har med seg historia.»
Sonja Edvardsen, ordførar i Eid
Edvardsen peikar på at sjukehuset i Nordfjord har omstilt seg dei siste ti åra og står i dag med eit fullverdig tilbod som lokalsjukehus.
Lenker
Helse Førde (Sogn og Fjordane)
- Usemje i Sjukepleiarforbundet
- Godtek ikkje sjukehusendringar
- Kjem ikkje heim utan lokalsjukehus
- Jordmorforeininga mot nedlegging
- Mobiliserer for lokalsjukehuset
- - Ja takk, begge deler
- - Ap kan gjere katastrofeval
- Mowatt held fram i styret
- Helse Førde garanterer for Lærdal
- Strid om medisinsk senter
- Strid i regjeringa om sjukehusa
Siste: Sogn og Fjordane
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
11/02 (15 cm) |
| Sogndal Hodlekve |
|
17/03 (15 cm) |
| Jølster |
|
18/03 (10 cm) |
| Harpefossen |
|
17/03 (15 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
16/03 (20 cm) |
| Stryn |
|
17/03 (40 cm) |
| Sunnfjord |
|
16/03 (20 cm) |











Jølstring ny leiar i målungdommen
Her proppar isen seg