Hopp til innhold

Folk rasar mot flaggbyte i Fjord1

Innbyggjarar i Sogn og Fjordane rasar mot Fjord1 Fylkesbaatane si avgjerd om å bytte ut det 150 år gamle kompaniflagget.

Fylkesbaatane sitt flagg, og Fjord1 sitt, side om side på ei av ferjene.

Fylkesbaatane sitt flagg, og Fjord1 sitt, side om side på ei av ferjene.

Foto: Hermund Kleppa/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Matros Tore Christensen er mellom fleire som får klar beskjed av passasjerane om kva dei tykkjer om flaggbytet.

- Då får vi klager. Spesielt frå dei eldre. Dei tykkjer det er gale. Det er sjela til Fylkesbaatane, fortel han.

- Det er det folk er kjende med og kjenner. Det er rota vår på ein måte.

Ferjepassasjer

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Sinne og avmakt

Flagget blir bytt ut for å markere samanslåinga med Møre og Romsdal sine fylkesbaatar .

- Eg lurer på kva klodriantankegang som ligg bak dette her. Eg sit med ei kjensle av sinne og avmakt og håpar virkeleg at dei tek til vet, seier Henning Rivedal, tidlegare informasjonssjef hjå fylkeskommunen.

- Eg er forbanna

Debattforum går varme og folk er frustrerte og sinte over flaggbytet. På Facebook har fleire kjende profilar meldt seg inn i folkeaksjonen mot bytet av landets eldste rederiflagg. Mellom desse Hermund Kleppa som laurdag sprang dei 16 kilometerane frå Fatla til Hella for flagget. Gruppa har kring 600 medlemer.

- Eg trur folk er forbanna. Eg er forbanna sjølv, seier Kleppa, som er pensjonert arkivar hjå fylkeskommunen.

- Må ha tradisjon

Telefonane til NRK har også gått varme. Neste steg er T-skjorter. Saka har enkelt og greitt vekt stor engasjement hjå innbyggjarane i Sogn og Fjordane.

- Eg tykkjer det er synd og unødvendig. Det går vel an å både markere tradisjon og samanslåing. Eg kan ikkje sjå at det er noko motstetnad. Heller ha to flagg saman med kvarandre.

Ferjepassasjer

- Det er eit symbol og noko vi er vande med å sjå. Litt tradisjon må vi ha, seier 78 år gamle Anders Solheim. Han vaks opp med Fylkesbaatane og er vand med å sjå det historiske flagget når båtane kryssar fjorden.

- Frå Aust-Europa?

Solheim har lite til overs for det nye raude flagget, med kvit og blå stripe nederst, som skal erstatte det gamle raude med svart kryss.

- Eg tykkjer dei skal ta vare på det gamle som er. Det er tradisjon.

Ferjepassasjer

- Det er eit lågmål for folk i Sogn og Fjordane at vi ikkje er verdige å ha flagget vi har hatt i mange år. No skal det bytast ut til noko som ikkje ser ut. Du kan lure på om det er eit aust-europeisk flagg vi får igjen, rasar Solheim.

Kjem ikkje opp att

Styreleiar i Fjord1 Fylkesbaatane, Jarle Skartun, seier at han forstår at folk er sinte over bytet. Men dei har ingen planer om å gjere om på vedtaket.

- Ting utviklar seg og vi må sjå inn i framtida. Det gamle flagget er teke ned for godt. Så skal vi ta vare på det i glas og råme, saman med ei stolt historie som vi har i Fjord1 Fylkesbaatane, seier han.

- Eg tykkjer det gamle er best. Hald på det.

Ferjepassasjer