Hjelmeset står over verdscupopninga

Odd-Bjørn Hjelmeset trur ikkje han går skøyterennet under verdscupopninga på Beitostølen neste helg.
Foto: Roar HansenOdd-Bjørn Hjelmeset vurderer å stå over skøyterennet når verdscupsirkuset startar på Beitostølen neste helg.
Publisert 15.11.2009 14:19.
- Kommentarer
- Skriv ut
Odd-Bjørn Hjelmeset

- Fødd: 6. desember 1971. Oppvaksen på garden Hjelmeset på Vereide i Gloppen kommune.
- Klubb: Fjellhug/Vereide - Hyen skiklubb
- Rekna som spesialist i klassisk stil. Fekk fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane for 2008.
- Debuterte i verdscupen 13. mars 1993 på femmila i Holmenkolla. Fem år seinare fekk han si første pallplassering med andreplass på same distanse i "Kollen".
- Sesongen 1999/2000 vart han nummer tre samanlagt i verdscupen.
- Har han vunne åtte enkeltrenn i verdscupen.
- Tok sitt første individuelle VM-gull i Sapporo (2007) då han spurta frå Frode Estil på femmila klassisk fellesstart.
- Hjelmeset har tidlegare fått Holmenkollmedaljen og fekk under Idrettsgallaen 2008 folkets pris som "Årets navn".
- Har også bakgrunn frå friidrett, som utøvar for Gloppen FIL. Har to bronsemedaljar frå NM på 3000 meter hinder. Har krinsrekord for Sogn og Fjordane på distansen med tida 8.54,42.
Kjelde: Wikipedia
Skøytedistansen går laurdag, medan glopparen er aktuell for ei klassisketappe på søndagens stafett.
- I år skal eg ikkje ta plassen frå nokon. Det er betre at ein ung løpar blir nummer 27, enn at eg blir det, seier veteranen til NTB.
Nummer sju
I dag vart 37-åringen nummer sju på den klassiske 10-kilometeren på Beitostølen. Glopparen var 54,8 sekund bak sigrande Martin Johnsrud Sundby. Petter Northug jr. vart nummer to.
- Eg hadde håpa det skulle gå fortare, seier han og stadfestar at han den siste tida har slite med ei lita forkjøling.
Hjelmeset imponert
Hjelmeset er imponert over farten til dei beste.
- Martin er i støtet, og det var bra av Petter. Eg trur vi har eit bra lag, seier Hjelmeset.
Roger Aa Djupvik gjekk inn til 13. plass og var over minuttet bak vinnaren. Avstanden var eitt minutt og 17 sekund. Som vinnar av førre sesongs skandinaivske cup, har hyaren friplass til alle verdscuprenna fram til jul.

















Sol og sommar i fylket