Hopp til innhold

Vil ha aldersgrense på mobilbruk

Norges Miljøvernforbund meiner det bør inførast aldersgrense for bruk av mobiltelefon.

Barn og mobil

Norges Miljøvernforbund meiner 16 år er ei fornuftig aldersgrense for mobilbruk.

Foto: Illustrasjonsfoto: www.colourbox.com

Ei undersøking gjort av Telenor, viser at nær 90 prosent av 10 og 11-åringar har mobiltelefon. Med omsyn til elektromagnetiske strålingar, meiner senioringeniør i Norges Miljøvernforbund, Sissel Halmøy, at det bør vere aldersgrense for mobilbruk.

- 16 år hadde vore ei fornuftig aldersgrense. All forskning viser at når born er under utvikling, er dei meir følsam for den type stråling. Strålinga trengjer også lenger inn når du har eit lite hovud, seier ho til Bergens Tidende.

- Bør vere forsiktig

Denne haldninga får også støtte blant folk flest. Ei undersøking gjort av Norges Miljøvernforbund viser at fire av fem meiner borna sin mobilbruk bør avgrensast. Leiar for Norges Miljøvernforbund Stavanger EMF (elektromagnetisk stråling), Thomas Milldelthon, seier til avisa at han er positivt overraska over resultatet. Han trur elektromagnetiske strålingar frå mobiltelefon er ei av årsakene til at barn kan få åtferdsproblem.

- Ein bør vere veldig forsiktig med å la born bruke mobiltelefon og å bli utsett for trådlause nettverk, noko dei blir til dagleg i skulen, seier han.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER AVSTEMMINGA)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Mest mogleg SMS

Statens strålevern seier til avisa at dagens forsking på mobilbruk gjev liten grunn til uro for helseskader, men ein har ikkje kunne konkludere om konsekvensar på lang sikt. Strålevernet oppmodar difor barn og unge til moderat mobilbruk.

- Mellom anna bør foreldre lære dei å bruke mest mogleg SMS, seier direktør i avdeling for strålevern og sikkerhet, Gunnar Saxebøl.

Vurderer grensene

EU-parlamentet vart i fjor anbefalt om å redusere grensa for elektromagnetisk stråling. Den norske grenseverdien for absorbert energi frå mobiltelefon er i dag to watt pr. kilogram. 90 prosent av mobiltelefonane ligg under 1 W/kg, opplyser Statens strålevern til avisa.

Strålevernet deltek no i ein internasjonal studie som ser på barns moglege helskeskade frå mobilbruk. Den skal vere avslutta ved utgangen av neste år. Strålevernet vil ikkje sette ned grensene før dei eventuelt får anbefaling frå internasjonale faglege institusjonar.

- Farleg eksperiment

Onsdag i neste veke samlast 28 internasjonale vitskapsmenn og forskarar i Bergen for å definere nye grenseverdiar.

- Det er snakk om å finne grenseveridar som gjer at ein beskyttar mot anna enn berre oppvarming. Elektriske signal styrer det meste i kroppen. Det er lett å forstå om du set eit elektrisk system utanfor eit anna, så påverkar dei kvarandre. Sidan vi ikkje veit korleis dei påverkar kvarandre, driv vi eit farleg eksperiment i dag, seier Halmøy til avisa.