Hopp til innhold

"Alle" vil sjå utstilte jølstringar

Over 6 000 personar har sett fotoutstillingane til Oddleiv Apneseth i Bergen og Jølster.

Oddleiv Apneseth

Oddleiv Apneseth sine foto av sambygdingane på Jølster har falle i smak hos publikum.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Før utstillinga stengjer søndag 15. november, har 2 900 personar sett utstillinga til Oddleiv Apneseth på Eikaasgalleriet. Til samanlikning har galleriet hatt 6 600 besøkande så langt i år.

- Det er veldig bra. Personleg hadde eg venta at jølstringane ville ta turen. Det har dei gjort. Men i tillegg har vi hatt besøkande frå eit veldig stort område, seier dagleg leiar Solveig Berg Lofnes.

- Spanande for mange

Utstillinga på Ålhus har mellom anna trekt publikum frå Bergen, Høyanger og Florø. Den tidlegare BT-fotografen nytta heile fjoråret til å ta bilete av sambygdingane sine i Jølster.

- Det har ikkje vore eit prosjekt og utstilling for jølstringar som vil sjå seg sjølve, men eit spanande prosjekt og utstilling for eit langt større område, seier Berg Lofnes.

3 200 på fire veker

Ved Galleri Bouhlou er gallerist Aycha Bouhlou ifrå seg av begeistring. Til saman 3 200 publikumarar har teke turen til Allégaten der det 16 år gamle galleriet held til. Utstillinga var oppe i fire veker.

  • HAR DU SETT UTSTILLINGA? SEI DI MEINING NEDERST I SAKA.

- Det er den mest besøkte utstillinga vi har hatt nokosinne. Iallefall dei siste åra. Vi har hatt alt frå bergensarar til tilreisande. Det var ei stund det såg ut som om alle hadde flytta frå Jølster, seier Bouhlou.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER TV-INNSLAGET)

Video nsps_upload_2009_9_4_17_19_24_789.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Heilt unikt

- Det var ei utstilling som trefte veldig mange, uansett om dei kom frå Jølster eller ikkje, held galleristen fram. Spesielt sett i lys av at fotoutstillingar har problem med å bli teken alvorleg som kunstform, meiner Bouhlou at tala er svært gode. Ho meiner bileta fangar både stemning og menneske på ein svært god måte.

- Eg trur årsaka er at det er tidsbilder. At folk ser at det er ei verd utanfor byen som det ikkje alltid er fokus på. Utstillinga var framifrå kvalitetsmessig og bileta vart løfta til eit kunstnerisk nivå. Heilt unikt og veldig interessant, seier ho.

Blir meir Apneseth

Etter at utstillinga i Bergen stengde, er fleire av bileta til Apneseth utstilt ved Henie Onstad-museet på Høvikodden . Om søndag 15. november blir siste frist for å sjå utstillinga på Eikaasgalleriet, vil fleire bilete bli stilt ut framover på Ålhus.

Apneseth blir del av den store juleutstillinga som opnar 28. november. Her vil galleriet vise fram nokre av bileta som var utstilt i Bergen.