- Vik bør ta vare på smia

Fylkesleiaren i Fortidsminneforeininga tykkjer det er trist at Vik kommune ikkje ser seg råd til å ta vare på den gamle smia.
Publisert 14.11.2009 08:37.
- Kommentarer
- Skriv ut
Mange vil frede smia som kan måtte vike for eit nytt Sognekraftbygg i Vik sentrum. Det tykkjer fylkesleiar Hallvard Trohaug i Fortidsminneforeininga er synd.
- Vi tykkjer det er synd at Vik kommune ikkje tek seg råd til å ta vare på eit så pass intakt kulturminne som fortel noko om kvardagshistorien til folk i Vik, seier han.
Sjeldan smie
Kommunen har opna for oreigning av området der smia står. Ordførar Marta Finden Halset vil ikkje kommentere utspelet frå Trohaug før dei får ei formell tilbakemelding frå Riksantikvaren som har vore på synfaring. Den er venta i neste veke. Trohaug meiner det vil vere eit stort tap for den særeigne bebyggelsen i Vik sentrum om smia blir fjerna.
- Når ein har eit objekt som er så intakt og har alle element i høve dagleglivet og jobblivet til ein familie, så tykkjer eg det er synd å ikkje ta vare på den. Det er ikkje så mange bevarte smier att, verken i Norge eller Sogn, seier han.
Vil ta vare på
Eigaren av smia er mellom dei som har klaga på saka.
- Som regel er det eigarane som ynskjer å bli kvitt eit gamalt hus som dei ikkje kan nytte til noko, men her er det ein eigar som har lyst til å ta vare på det og formidle til yngre generasjonar om korleis livet var i Norge for 100 år sidan, seier Trohaug.
Siste: Sogn og Fjordane
- Rektor politimelder politiet
- Ny stor Havyard-kontrakt
- Fylkesmannen avviser Berg-klage
- Han har bakt 1200 morsdagskaker
- June Andenæs mot historisk medalje
- No skal Gjøran representere Norge
- Mot tidenes cruisesesong
- I grøfta med fleire tonn sponplater
- Turistnæringa fryktar eurokrisa
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
- Rektor politimelder politiet
- Ny stor Havyard-kontrakt
- Fylkesmannen avviser Berg-klage
- Han har bakt 1200 morsdagskaker
- June Andenæs mot historisk medalje
- No skal Gjøran representere Norge
- Mot tidenes cruisesesong
- I grøfta med fleire tonn sponplater
- Turistnæringa fryktar eurokrisa
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF


















Melodi Grand Prix i Florø