10.02.2012

Moteord skal gi ny tilvekst

Nils R. Sandal (Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK)

MOTEMANN: Fylkesordførar Nils R. Sandal vil drive omdømebygging for Sogn og Fjordane.

Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK

Omdømebygging skal få folk til Sogn og Fjordane, det håpar fylkeskommunen.

For å gjere seg meir attraktiv for innflyttarar vil fylkeskommunen satse på å styrke omdømmet. Skal dette ha noko for seg må det ikkje berre verte store ord, men òg ha eit innhald, meiner professor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

– Omdømebygging er viktig, men det må vere ein substans bak det ein driv omdømebygging på, seier Oddbjørn Bukve, professor i organisasjon og leiing ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Tidlegare har hjorteløyve vorte nytta som lokkemiddel for innflyttarar.

Kva skal til for å lokke folk til fylket? Sei di meining.

Moteord

Omdømebygging har vorte den nye løysinga for alle som skal bli meir attraktive. Men med alle ord som blir moteord er det òg ein fare for at dei vert tømde for innhald og endar som honnørord i festtalar.

At omdømebygging er uviktig vil ikkje Bukve gå med på, men som med andre moteord kan det nyttast på plasser det passar og ikkje passar.

– Det må vere ein samanheng mellom det å marknadsføre eit omdøme og det å ha tru på kva ein vil marknadsføre.

Fylkesordførar Nils R. Sandal seier det nettopp vert målet å vere konkrete.

– Det er ikkje luftige tankar, for dei gode døma er realistiske.


– Balansen mellom jobb og fritid er viktig å få fram, for det er her muligheitene ligg. Og no vil me konkretisere omdømebygging og setje oss mål, legg Sandal til.

Identitetsproblem?

Professoren meiner heile prosessen kan rotne vekk om ein ikkje veit kva ein vil, og kva retning ein vil gå i.

- For Sogn og Fjordane sin del vil eg stille spørsmål ved om ein er tydeleg nok på kven ein vil vere, seier Bukve

Sandal seier at skal ein nå ut må ein ha tru på seg sjølv og tru på fylket internt. Det er den beste reklamen.