Fekk ikkje vere med

OMSTRIDT SMIE: Kommunen deltok ikkje då Riksantikvaren vitja smia i Vik førre veke.
Foto: Arve Uglum/NRKKommunen haldt utanfor då Riksantikvaren var på synfaring i Vik.
Publisert 10.11.2009 14:54.
- Kommentarer
- Skriv ut
Det heile er merkeleg meiner ordførar, Marta Finden Halset.
– Det er underleg for meg at ein statsinstitusjon ikkje gir beskjed til kommunen om at dei kjem på synfaring.
Vik kommune fekk ikkje vere med då Riksantikvaren var på synfaring på den gamle smia i Vik i førre veke.
Mange vil frede smia som kan måtte vike til fordel for nytt Sognekraft-bygg. Kommunen vil oreigne grunnen til Sognekraft, men då Riksantikvaren var på synfaring fekk ikkje kommunen vere til stades.
Arbeidsplassar eller utviklingsstopp
Skjebna til den gamle Smia i Vik er for ordføraren eit spørsmål om utvikling eller stagnasjon i Vik.
Sognekraft ynskjer å bygge nytt administrasjonsbygg, og 50 arbeidsplassar i kommunen står på spel. Føresetnaden for at dei vil bygge er moglegheiten til i framtida å fjerne ei gamal intakt smie.
Kommunen ikkje ønska
Kulturavdelinga hjå Fylkeskommunen bestemte at kommunen ikkje kunne vere med. Fylkeskulturdirektør, Ingebjørg Erikstad, forsvarar avgjerda med at eigaren ikkje ville ha kommunen tilstades.
– Me frå Fylkeskommunen synst det hadde vore ein fordel om kommunen hadde vore med på ei felles synfaring, seier Erikstad.
Erikstad legg til at dei òg føreslo dette for eigaren avc smia før synfaringa.
Venter på svar
Rådgjevar hjå Riksantikvaren Geirr Olav Gram seier dei snart vil ta ei avgjerd om lagnaden til smia.
For Marta Finden Halset er saken grei. Sjølv om ho ikkje vil rive smia isolert sett, kan den ikkje stå i vegen for nybygget til Sognekraft.
– Det er faktisk Sognekraft sjølv som bestemmer kva dei vil kjøpe og ikkje vil kjøpe i Vik kommune, seier Halset.
Kommunestyret i Vik gjekk i går mot Venstre sine to røyster imot å godkjenne klaga frå eigaren om riving av Smia. Klagesaka om riving går med det vidare til Fylkesmannen for ei endeleg avgjerd.
Siste: Sogn og Fjordane
- Rektor politimelder politiet
- Ny stor Havyard-kontrakt
- Fylkesmannen avviser Berg-klage
- Han har bakt 1200 morsdagskaker
- June Andenæs mot historisk medalje
- No skal Gjøran representere Norge
- Mot tidenes cruisesesong
- I grøfta med fleire tonn sponplater
- Turistnæringa fryktar eurokrisa
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
- Rektor politimelder politiet
- Ny stor Havyard-kontrakt
- Fylkesmannen avviser Berg-klage
- Han har bakt 1200 morsdagskaker
- June Andenæs mot historisk medalje
- No skal Gjøran representere Norge
- Mot tidenes cruisesesong
- I grøfta med fleire tonn sponplater
- Turistnæringa fryktar eurokrisa
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF


















Melodi Grand Prix i Florø