Hopp til innhold

-Akuttmottak ved lokalsjukehus unødvendig

– Det avgjerande er ikkje nærleiken til eit lokalsjukehus, men kvaliteten på ambulansetenesta, seier fagdirektør Hans Johan Breidablik i Helse Førde.

Hans Johan Breidablik
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ifølgje Breidablik, har hastepasientane i alle deler av Sogn og Fjordane eitt av verdas beste akuttilbod.

– Men det er på grunn av ambulansehelikoptera og samarbeidet med Haukeland, seier Breidablikk til Firda .

Sender ikkje hastepasientar til lokalsjukehus

Heile Sogn og Fjordane, også Ytre Nordfjord og Indre Sogn, har eit tilbod av akutt helsehjelp som er i internasjonal toppklasse. Men dagens akuttberedskap ved lokalsjukehusa er unødvendig. Ingen av pasientane det verkeleg hastar å få gitt sjukehusbehandling, blir sende til Eid og Lærdal, meiner Breidablik.

– Eg veit ikkje om nokon annan stad på kloden der ei befolkning på 107 000 menneske har to ambulansehelikopter, av desse eit redningshelikopter som kan ta seg fram også i svært dårleg vêr. I tillegg er det eit tett nettverk av ordinære ambulansar, seier han, og legg til:

Trond Inselseth
Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Mange lever i den trua at akuttpasientar blir køyrde inn til lokalsjukehuset i ein kamp med klokka, for så å bli redda i siste liten. Men røyndommen i dagens helsevesen er ikkje slik, seier Helse Førdes øvste medisinske ansvarlege.

Heilt usamd

Kommuneoverlege Trond Inselseth i Vågsøy er heilt usamd med fagdirektøren.

– Lokalsjukehusa er avgjerande for det vi opplever som tryggleik, i forhold til å stabilisere dårlege pasientar, seier han.

Men redningshelikopteret og oppgraderinga av ambulansepersonellet er viktige og positive endringar, meiner han.

Inselseth meiner at det på fleire spesialfelt må kunne diskuterast om ein vil vere i stand til å byggje opp gode tenester innanfor vårt eige fylke.

– Vi er for få og bur for spreidd. Men nett fordi folk bur så vidt og grisgrendt, må akuttenestene prioriterast, seier kommuneoverlegen i Vågsøy.