08.02.2012

Kansellerer bussane til kampen

Sogndal (Foto: Ole Ramshus Sælthun/NRK)

Lita interesse for å reisa til Gjemselund og sjå Kongsvinger-Sogndal i dag.

- Me rekvirerte eit antal bussar i tilfelle behov, men det viste seg å ikkje vera noko behov, seier Rasmus Mo, marknadssjef i Sogndal fotball.

Trur uflytta sogningar kjem

Sogndal har framleis sjanse til tippeligaspel neste år dersom dei slår Kongsvinger i kveld, men det ser altså ut til å verta færre sogningar på Gjemselund enn klubben venta. Mo vil likevel ikkje vera med på at interessa for kampen er liten.

- Me vel å tru at dette er fordi folk må vera vekke ein heil arbeidsdag for å reisa på kampen. I tillegg er det tett innpå kampen mot Hønefoss. Dessutan er Oslo kanskje den største provinsen me har for utflytta sogningar, så mange av dei vil definitivt finna vegen til Gjemselund.

Kampen går på Nett-TV

Direkte opprykk rauk med 0-0 mot Hønefoss søndag for Sogndal. Om det vert siger mot Kongsvinger, ventar vinnaren av Fredrikstad-Sarpsborg 08 i to kampar onsdag og fredag komande veke. Samanlagtvinnaren i dei kampane, spelar i tippeligaen neste år.

Kampen startar klokka 18, og du kan følgja den direkte på Nett-TV på nrk.no/sf.