Hopp til innhold

Håpar Trafigura vitnar

Økokrim har håp om at oljeforhandlar Trafigura stiller som vitne i Vest Tank-saka.

Vest Tank
Foto: Kåre Næss

To personar frå Trafigura er kalla inn som vitne i saka, og politiet er no i dialog med advokatane til selskapet.

Selskapet som stod bak bensinlastene og avfallet som kom til Sløvåg har fram til no ikkje snakka om si rolle i saka.

Trafigura eigde og avfallet om bord i skipet "Probo Emu". Økokrim ønskjer at to av dei sentrale mennene i Trafigura fortel kva som skjedde då dei forhandla fram avtalen med Vest Tank, seier politiadvokat Tarjei Istad.

– Nyttig å fortelje sin versjon

– Dei tiltalte kan til dømes ha eit syn på kva som vart sagt rundt mottaket av "Probo Emu". Dersom vitna frå Trafigura har eit anna syn på det, så kan det vere nyttig for dei å kome og fortelje sin versjon.


Ikkje på tiltalebenken

NRK har tidlegare dokumentert at Trafigura visste at avfallet dei sende til Vest Tank var giftig, og at behandlinga av avfallet var ulovleg i EU. Trass i dette meiner Økokrim at det er tilstrekkeleg at Trafigura vitnar i saka, og ikkje sit på tiltalebenken.

– Eg kjenner ikkje til saker der du t.d. kjem til eit avfallsanlegg og hamnar på tiltalebenken fordi anlegget ikkje hadde løyve til å ta imot det du kjem med, det skal mykje til.

– Dersom eg kjem til eit kompostanlegg og klart veit at eg leverer noko eg kallar noko anna, vil ikkje det slå tilbake på meg?

– Det kan vel ikkje utelukkast, men i denne saka har vi ikkje sett det slik at det var så nær for Trafigura å ha ansvaret for løyva til Vest Tank.

Vest Tank åleine med ansvaret

Økokrim meiner altså at Vest Tank må bere ansvaret åleine for det som skjedde i Sløvåg. Økokrim er i dialog med Trafigura, og ventar svar i neste veke på om dei stiller i vitneboksen.