Fleire unge får psykiske problem

Barn av skilde foreldre er mest utsette, hevdar samlivsterapeut og psykolog.
Publisert 29.10.2009 20:43.
- Kommentarer
- Skriv ut
- Det er fleire og fleire barn som slit. Det er viktig å ta dette på alvor, seier Frode Thuen.
Han er samlivsterapeut og psykolog, og heldt denne veka foredrag for 120 fagfolk innan helsevesenet under Småbarnsdagane i Førde.
Mange har varige vanskar
Tal frå Folkehelseinstituttet syner at mellom 15 og 20 prosent av alle barn og unge må takle kvardagen med psykiske problem.
- LES MEIR: Status for psykiske lidingar i Norge
Hos om lag halvparten av desse er symptoma så mange eller alvorlege at dei har ein diagnostiserbar psykisk sjukdom.
Hos dei fleste er symptoma forbigåande, men 25 til 40 prosent av barna har problem som varer i mange år.
Konfliktar er øydeleggjande

ALVORLEG: Frode Thuen meiner skilsmisse mellom foreldra er øydeleggjande for barn og unge si psykiske helse.
NRKSærleg utsette er barn av skilde foreldre.
- Konfliktar mellom foreldre i samband med barn, og spesielt i samband med skilsmisse, er veldig øydeleggjande. Så dersom foreldra klarer å finne ut av det med kvarandre, så gjer dei barna ei stor teneste, seier Thuen.
- Viss ikkje, utset dei barna for store utfordringar, og då er det er ein stor risiko for at ting kan gå galt, forklarer psykologen.
- Eit viktig seminar
Det var denne veka eit rekordstort oppmøte på Småbarnsdagane i Førde.
Frode Thuen trur mange fagfolk er opptekne av denne typen seminar.
- Det er tema som mange her opplever i sin kvardag. Dei ser utfordringane hos ungane, og ønskjer difor påfyll. Det er dessutan viktig at yrkesgruppene har felles forståing for utfordringar og moglegheiter, seier Thuen.
Siste: Sogn og Fjordane
- Han har bakt 1200 morsdagskaker
- June Andenæs mot historisk medalje
- No skal Gjøran representere Norge
- Mot tidenes cruisesesong
- I grøfta med fleire tonn sponplater
- Turistnæringa fryktar eurokrisa
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF
- Kleppa vil gi drosjene betre vilkår
- Fleire klaga til Pasientombodet
- Bussen er vekk frå E39-rasteplass
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
Han har bakt 1200 morsdagskaker - June Andenæs mot historisk medalje
- No skal Gjøran representere Norge
- Mot tidenes cruisesesong
- I grøfta med fleire tonn sponplater
- Turistnæringa fryktar eurokrisa
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF
- Kleppa vil gi drosjene betre vilkår
- Fleire klaga til Pasientombodet
- Bussen er vekk frå E39-rasteplass


















Melodi Grand Prix i Florø