18.03.2010

Kan ikkje kalla han Tindre

I folkeregisteret heiter han Thindre, men foreldra vil bruke Tindre. (Foto: Gro Ravnestad/NRK)

Namneforskar Ivar Utne seier foreldra i Jølster ikkje vil få godkjent namnet Tindre.

Foreldreparet Anita Kongsvik og Ørjan Smaadal på Vassenden i Jølster ville kalle den ynste sonen sin for Tindre.

Men sidan namnet allereie er i bruk som etternamn, fekk dei ikkje godkjent namnet frå skatteetaten.

Forstår reaksjonar

- Tindre kan vere inspirert av jentenamnet Tindra som er i bruk, seier namneforskar Ivar Utne, men han har ikkje høyrt Tindre brukt som gutenamn.

- Det nærmaste er Tindri på Island som kan likne litt, seier han.

Utne forstår at foreldra kan reagerer på at andre har fått godkjent etternamn som førenamn, til dømes Storm, Saga og Leander.

- I alle tilfella har ein funne at dei har gamle tradisjonar som førenamn. Viss ein kan dokumentere at namnet har vore i bruk som førenamn tidlegare i Noreg eller andre land, kan ein få det godkjent som førenamn, seier han.

Kan velje skrivemåte

Anita Kongsvik med sonen Thindre. (Foto: Gro Ravnestad/NRK)

Den nyfødde jølstringen er døypt Thindre for å omgå namnelova. Men Anita Kongsvik kjem til å klage til fylkesmannen for at sonen skal få namnet Tindre.

- Slik eg ser det er Tindre og Thindre det same namnet, seier Utne som er tvilande til avgjerda om å tillate Thindre.

Utne har fleire ferske eksempel på førenamn som ikkje blir godkjende fordi det er i bruk som etternamn, men han vil ikkje gå ut offentleg med desse namna.

- Kva trur du skjer med namnet Tindre?

- Eg er veldig usikker. Dei kjem ikkje til å få godkjent namnet utan h. Men det er ikkje ulovleg å skrive namnet slik ein sjølv vel som kallenamn, sjølv om det står noko anna i folkeregisteret, seier Utne.

Kommentarsystemer er levert av Disqus. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.
Skirapport Sogn og Fjordane
Skisenter Ver Siste snøfall
Levert av Skiinfo.no
Breimsbygda 11/02 (15 cm)
Sogndal Hodlekve 17/03 (15 cm)
Jølster 16/03 (20 cm)
Harpefossen 17/03 (15 cm)
Sogn Skisenter 16/03 (20 cm)
Stryn 17/03 (40 cm)
Sunnfjord 16/03 (20 cm)
Nynorsk mediesenter
Lutt

Siste: Sogn og Fjordane

Biletgalleri frå Sogn og Fjordane