Nøkkeltabbe i Aurland
Aurland kommune tabba seg ut då dei bestilte nye hovudnøklar til ei rekke kommunale bygningar. For bestillinga dei sende til nøkkelprodusenten TrioVing la dei like godt ut på nettet.
Publisert 27.06.2005 14:16.
- Skriv ut
Nye nøklar til rådhus, heradshus, barnehage, fjordsenter og ein aldersheim. Det er bestillinga som Aurland kommune har sendt til nøkkelprodusenten TrioVing i Moss. Problemet er at dei la heile ordren med kodar på kva type nøklar dei ynskjer seg ut på postlista, med andre ord, ope for alle.
Alle kan bestille nøklane
Ikkje akkurat noko sjakktrekk, seier Torben Christensen i TrioVing, for då kan kven som helst gå inn og kopiere det heile, og få TrioVing til å sende dei til seg.
Innrømmer tabben
Og om personar med uærlege føremål har fått tak i nøkkelbestillinga til Aurland kommune er usikkert. Iallfall har ikkje mannen bak ordren, overingeniør i Aurland, Steve Elgåen, problem med å innrømme tabben.
- Treng ikkje bestille nye nøklar
Sjølv om enkelte kan ha fått tilgang til ordren på nye nøklar, trur ikkje Elgåen det er naudsynt å bestille heilt nye nøklar.
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar

















Sol og sommar i fylket