Har ikkje nok vaksine

IKKJE NOK: Det er for lite vaksine til å dekke behovet.
Foto: Frank Augstein/Scanpix/APKommunane i landet har ikkje fått nok svineinfluensavaksinar til å dekke behovet til risikogruppene.
Publisert 27.10.2009 17:34.
- Kommentarer
- Skriv ut
Førde kommune har fått tusen svineinfluensa-vaksinar, men veit ikkje sikkert når dei får fleire eller når dei kan vaksinere folk som ikkje er helsepersonell eller i risikogruppene.
Vaksineansvarleg i Førde, Magni Håbardstun, veit ikkje om der er nok vaksiner til alle i risikogruppene enda.
- Vi får 1000 til denne veka, men vi veit ikkje heilt når.
- Les også: Slik får du influensavaksinen
FAKTA OM H1N1-VIRUSET
- Influensa A (H1N1), også kalt svineinfluensa, er eit nytt virus som ingen er immune mot.
- Smitten er så omfattande, at Verdas helseorganisasjon (WHO) har erklært ein influensapandemi.
- H1N1-symptom liknar symptoma på vanleg influensa, som feber, hoste, smerter i halsen, kroppsverk, hovudpine og frysningar.
- Smitteoverføring skjer ved hosting, nysing og nær kontakt med sjuke menneske. Viruset smittar relativt lett.
- Medikament som verkar mot vanleg sesonginfluensa, kan også brukast mot den nye influensaen.
- Vaksineringen starta i oktober.
- Viruset oppsto i Mexico, og har no spreidd seg til heile verda.
Har ikkje oversikt
I går starta vaksinasjonen mange stader, og fleire stader var det lang ventetid og lange køar.
Håvardstun seier at helsepersonell kjem til å få dei nye vaksinane, deretter får fleire i risikogruppene vaksinar neste veke. Men ho veit ikkje om dei har nok vaksinar til alle i risikogruppene.
- Det har vi ikkje fullstendig oversikt over, for vi veit faktisk ikkje kor mange som er i risikogruppa.
Leveranseproblem
Håvardstun seier at Folkehelseinstituttet har begrensa med vaksinar og difor har eit leveranseproblem. Situasjonen er ikkje unik for Førde kommune, den er lik over heile landet.
Vi blir oppfordra til å ta vaksinen, men får altså ikkje tatt den. Det kan ta vekesvis før slike som meg og deg får vaksinen, og då er vi kanskje alt sjuke.
- Det blir skapt ein forventing om at no er vaksinen her, men vi har ikkje nok.
Ho seier at det er mykje smitte i kommunen no, og at dette skal rapporterast inn til Folkehelseinstituttet.
- Dei gjer sine prioriteringar utfrå det, men no er smitten på veg opp i heile landet.
- Les også: Mange sjuke i Førde
- Les også: Ventar influensatopp om ein månad

















Sol og sommar i fylket