Hopp til innhold

Fryktar jerven er på ferde

Sauebønder i Gaular saknar over 100 sauer, og er redd for at jerven har teke mange av dyra. No vurderer Arnstein Birkeland å leggje ned drifta, dersom tapstala held fram neste år.

Jerv

JEGER: Sauebøndene i Gaular trur jerv har teke mange av dyra dei saknar.

Foto: BBC

- Heile flokkar kjem vettskremde ned frå fjellet, og mange sauer forsvinn sporlaust. Det er ein dyr hobby å mate jerven, seier Gaular-bøndene Tor Horsevik, Kjell Hauken, Jo Eirik Aarnes, Arnstein Birkeland og Helge Skagen til Firda.

Dei er vande til å miste sauer frå før. Men ifølgje bøndene sjølve har dei aldri mist dyr i ein skala som denne hausten.

Grev ned kadaver

Til saman saknar dei fem bøndene over 100 sauer. Verst har det vore for Tor Horsevik, som åleine har mist 45 av sine 132 dyr.

No konkluderer dei med at det må vere jerven som har vore på ferde.

- Vi finn ikkje eingong beingrindene etter sauene, forklarer bøndene til Firda.

Dei viser til at jerven grev ned byttet, slik at han skal ha mat til vinteren.

Vurderer å leggje ned

Bøndene vil framleis leite etter sauene sine. Men det heile er eit spøsmål om kor mykje tap sauebøndene kan tole.

- Dersom tapstala held fram neste år, vil eg seriøst vurdere å leggje ned drifta. Etter eit år som i år, slit vi med å ha nok avlsdyr igjen til å halde sauebestanden oppe, seier Arnstein Birkeland.

Ifølgje Firda skal det vere sikre observasjonar av jerv i området.