Norsk dokumentarfotografi opnar torsdag kveld og skal vere open til 13. desember.
Ti fotografar
I alt ti fotografar er representerte på utstillinga. Ved utveljinga er det lagt vekt på kombinasjonen av eit sikkert og særeige biletspråk og ein aktuell tematikk.
Alt i fargar
Tidlegare har dokumentarfotografi vore nærast synonymt med eit objektivt og nøkternt biletspråk i svart-kvitt, men på denne utstillinga er alle bileta i fargar.