Hopp til innhold

Prøvde å springe tre maraton

Heidra løpskonge frå Sogn med tre maraton og vin som sportsdrikk.

Det tek på å springe tre maraton på eit døgn

LANG TUR: Det tok på å springe tre maraton på eit døgn.

Foto: Kristin Helgeland Hauge / NRK

Linda Eide ville heidre løparkongen Ernst Mensen frå Fresvik. Det har ho gjort med vin som sportsdrikk, gardsmat i magen og med tre maraton på programmet.

Sjå siste episode av Norsk attraksjon

Gløymt stjerne

Programleiaren for programmet " Norsk Attraksjon" starta ved minnesteinen i Fresvik.

Vossajenta meiner det er for gale at Norge har gløymt denne idrettsstjerna. Dermed snørte ho på seg joggeskoa til ære for nettopp den ukjende løparkongen, som levde frå 1795 - 1843.

- Ein av grunnane til at Mensen Ernst vart gløymt, var at folk trudde det var for utruleg at han kunne springe frå Paris til Moskva på fjorten dagar, altså 180 kilometer i døgnet. Då måtte eg berre teste om det var menneskeleg mogleg, seier Linda.

- Er det mogleg?

- Nei det var ikkje, slår NRK-programleiaren fast. 180 kilometer vart for langt, ler Linda, men 116 greidde eg.

Møtte dyr

Løpskongen frå Vik sprang mellom røvarar og ville dyr og fekk mat på vegen.

- Vi møtte dyr og Sogn og Fjordane er eit eldorado for kortreist mat, så vi fekk både frukt, saft og lefste undervegs, fortel Eide.

Tidenes aller største langdistanseløper og Norges første profesjonelle idrettsutøver reiste mykje til fots over store deler av Europa, i Nord-Afrika og Lilleasia. Og då hadde han gjerne med seg vin som sportsdrikk. Linda Eide prøvde det same, og det fungerte ei stund i følgje henne sjølv.

- Men då vi kom til foten av Vikafjellet og fekk servert kvitvin av ei dame, vart ikkje steget akkurat lettare.

Trengde ein månad for å komme seg

Ho vedgår at ho til slutt måtte gå over til kaffi.

- Korleis er kroppen etter eit slikt løp?

- Det hugsar eg veldig godt. Det tok nøyaktig ein månad å bli slik som eg var før.