Dement må kjempe mot kommunen

FØLER SEG INNESTENGD: Den 59 år gamle mannen har fått tildelt berre to timar utandørs aktivitet i veka.
Foto: Ottar Starheim/NRK- 59-åring får tilbod tilpassa 70-åring, meiner familien.
Publisert 20.10.2009 08:37.
- Skriv ut
- Vi såg fram til å kunne leve livet når ungane blei store. Men slik vart det ikkje, seier Unni Nilsen til Firdaposten.
Ektemannen hennar fekk demenssjukdommen Alzheimers for tre år sidan. Sidan den gongen har kvinna kjempa med kommunen for å få eit godt nok aktivitetstilbod til mannen, som berre er 59 år gammal.
Sit mykje inne
I staden for å leve livet saman med mannen sin, må Nilsen no sjå på at ektemannen svinn bort på ein institusjon i Florø.
Kommunen har teke bort støttekontakten etter at den demensråka mannen fekk plass ved Flora omsorgssenter.
No er han ifølgje kona stort sett innestengd - med berre to timar i veka til å komme seg ut.
- Tilpassa 70-åring
- Han har eit tilbod som er meir tilpassa ein 70-åring, seier Nilsen til Firdaposten.
- Mannen min held på å gå på veggen. Han har mykje energi i kroppen, som han ikkje får ut. Han er ikkje typen som kan setje seg ned med eit kryssord i timesvis og vere nøgd med det, seier ho til avisa.
Nilsen meiner dei siste åra har vore knalltøffe for heile familien. Ikkje minst er det tungt å måtte kjempe for mannens verdigheit.
Føler seg svikta
Ordførar Bente Frøyen Steindal lova i 2008 at situasjonen for yngre demente skulle greiast ut.
Men tilbake står ein familie som føler seg svikta.
- Eg synest det er trist at dei føler seg svikta av politikarane, seier Frøyen Steindal til Firdaposten.
Ordføraren står likevel fast på at ho har gjort det ho lova i saka. Det er gjort vedtak om etablering av eit eige demensteam, og ein omsorgsplan er ute til høyring i kommunen. Der er det lagt opp til eit meir differensiert tilbod for yngre demente.
Siste: Sogn og Fjordane
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF
- Kleppa vil gi drosjene betre vilkår
- Fleire klaga til Pasientombodet
- Bussen er vekk frå E39-rasteplass
- Utførte 21 lovbrot på ni månader
- Suste forbi politiet i 60-sone
- Giske spelte spel med aksjonistar
- Rift om farlege hus på billigsal
- Fekk 3000 kr i bot for kattedrap
- Gjermunstad ventar ved telefonen
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
Furnes kan bli fylkesleiar i KrF - Kleppa vil gi drosjene betre vilkår
- Fleire klaga til Pasientombodet
- Bussen er vekk frå E39-rasteplass
- Utførte 21 lovbrot på ni månader
- Suste forbi politiet i 60-sone
- Giske spelte spel med aksjonistar
- Rift om farlege hus på billigsal
- Fekk 3000 kr i bot for kattedrap
- Gjermunstad ventar ved telefonen

















Melodi Grand Prix i Florø