Hopp til innhold

Norge-Brasil som opera

Sveitte menn i kortbukser, sklitaklingar og ballen i krysset er ikkje kvardagskost på ei operascene.

Are Kalvø, Kari Standal Pavelich og Helge Førde
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Men det er noko av det vi kan vente oss når Are Kalvø skriv neste framsyninga for Opera Nordfjord, som han kallar "Norge-Brasil - ein opera."

Går det an å gjenskape fotballkampen mellom Norge og Brasil under VM i Frankrike i 1998?

I sekunda før Kjetil Rekdal tok straffesparket som gav 2-1 var det stille i norske stover, folk sat så tett som mogeleg inntil TV-skjermen og venta på det avgjerande sparket.

Flo vart dregen i trøya

Tore Andre Flo og Junior Baiano

Ein av dei dramatiske hendingane i kampen Norfge-Brasil, då Junior Baiano drog Tore André Flo i trøya og laga straffespark.

Foto: Stig Carlsson

Rett før vart stryningen Tore André Flo dregen i trøya av ein brasiliansk forsvarsspelar, og ein vaken dommar peika på straffemerket. Ulideleg spennande og uforgløymeleg for dei som fekk det med seg.

Men kan det fungere på operascena? Ja, meiner Are Kalvø, som har skrive operaen "Norge-Brasil, ein opera". Men han røpar at han har dikta om litt på det som skjedde.

– Mange dramatiske historier

– Når ein ser kampen mellom Norge og Brasil med tanke på å lage opera, så ser ein kor utruleg mange store og dramatiske historier det er i løpet av ein fotballkamp. Berre på dei siste 15 minutta av denne kampen er det minst ti historier som det kunne ha vore fantastisk å dramatisere.

Skriv om historia

– Det har vore veldig freistande å la heilt andre ting skje i denne historia enn i kampen, så ja, det skjer. Det er veldig fint å ha makt til å skrive om historia i ettertid. Den makta bør ein bruke når ein har sjansen.

Operasjef Kari Standal Pavelich fekk ikkje med seg den store kampen i 1998. Men ho meiner ei slik framsyning vil kunne trekke publikum frå to ulike grupper.

– To folkekulturar møtest

– Det er to folkekulturar som møtest, for opera er og blitt folkekultur. Det er ikkje lenger berre fiffen, men vanlege menneske som går på opera. No håpar vi å få med både fotballelskarar og dei som likar opera, og eg trur vi skal få til ei fantastisk framsyning. Og det er ikkje berre fotball det handlar om. Vi prøver å gjenskape det samfunnet Norge og verda elles var i 1998

Helge Førde, kjend frå Ytre Suløen, skal setje musikk til operaen. Og klarar han å setje musikk til Flo-pasninga?

– Du veit at i opera er det mykje kjensler. Vi skal prøve å vise kva som kan føregå under ein fotballkamp, og det kan vere veldig mange ting.

Kalvø audmjuk som Obama

Kalvø vil fortelje kva som eigentleg skjedde på fotballbana. Men han er audmjuk for oppdraget.

– Eg er som Barack Obama ville ha sagt audmjuk i forhold til denne oppgåva. Eg har stor respekt for folk som kan noko eg ikkje kan. Eg kan ikkje mykje om opera i det heile, eg bidreg med fotball, tull, tøys og ord.