Hopp til innhold

- Ei naturleg utstopping av bjørnen

Bjørneekspert og leiar for "Det skandinaviske bjørneprosjektet", Jon Swenson, reagerer ikkje på måten bjørnen felt i Fjærland skal utstoppast på.

Bjørn
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Bondenæringa er provosert over at bjørnen skal stoppast ut liggande på ein isbre, med blodet rennande .

- Eg forstår at folk meiner den heller kunne blitt utstoppa som om den dreper sau, slik som på skogsmuseet i Elverum. Det er to sider av same sak; Den eine at han dreper sau, den andre er at den blir drept, seier Jon Swenson.

Reagerer ikkje

Skoten bjørn på Vetlebreen

Skoten bjørn på Vetlebreen.

Foto: Jan Erik Gjerland

Han er professor ved institutt for naturforvaltning ved Universitet for miljø og biovitenskap, og leiar for " Det skandinaviske bjørneprosjektet ". Sistnemnde er eit langsiktig prosjekt om brunbjørnens økologi i Skandinavia. Swenson reagerer ikkje på måten den felte bjørnen er tenkt framstilt i Sogn og Fjordane - ei eller utstoppinga i Elverum.

- Det er slik han vart drepen og slik forvaltninga er no, så skal ein ikkje ha bjørn i Sogn og Fjordane. Dette er eit resultat av bjørneforvaltninga. Det er bestemt at det ikkje skal vere bjørn i Sogn og Fjordane. Og bjørn som kjem og gjer skade, blir drept, seier han.

- Ei ærleg framstilling

Den mest vanlege måten å vise fram ein bjørn, er det oppreiste rovdyret i nærast angrepsposisjon.

- Det er den vanlege måte å vise den fram på, men det er den uærlege måten å framstille bjørn på. Bjørnen er ikkje slik. Men både ein skoten bjørn eller bjørn som er i ferd med å angripe sauer, er eigentleg ei meir ærleg måte å vise fram ein bjørn i Norge på, seier han.

- Eit innlegg i debatten

Ifølgje ei pressemelding er presentasjonen som er tenkt i Sogn og Fjordane ei motvekt mot alle bilete av sauer tekne av rovdyr, medan Gunnhild Systad ved Sunnfjord museum seier at utstillinga ikkje er noko innlegg i rovdyrdebatten. Det meiner derimot Swenson.

- Eg meiner at anten å vise fram ein bjørn som er skoten fordi den har drept sau, eller å stoppe ut ein bjørn som er i ferd med å drepe sau eller lamleste sau, begge to vil vere deler av røynda for bjørneforvaltninga i Norge, seier han.

  • DET BLIR MEIR OM BJØRNEDEBATTEN I ETTERMIDDAGSSENDINGA.