Bøndene rasar mot utstoppa bjørn
Bondelagsleiar Per Hilleren rasar mot måten bjørnen felt i fjor, skal visast fram for publikum.
Publisert 12.10.2009 10:45. Oppdatert 12.10.2009 10:54.
- Kommentarer
- Skriv ut
Bjørnen som vart felt i Fjærland etter lang tids herjing og jakt, skal visast fram med kulehol, liggande på ein isbre, med attlatne auge og med blodet rennande.
- Det var vel ikkje venta at den skal visast fram slik. Eg tykkjer det er ein provokasjon mot heile næringa å gjere det på ein slik måte, seier Hilleren.
(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER INNSLAGET)
Utstilt som motvekt
Bjørnen var den første på mange år som vart felt i Sogn og Fjordane. NRK-humorist Ole Johannes Øvretveit kjøpte kjøtet, medan musea i fylket fekk bjørneskinnet. Ifølgje ei pressemelding er presentasjonen ei motvekt mot alle bileta av sauer tekne av rovdyr, men Gunnhild Systad i Sunnfjord Museum seier utstillinga ikkje er noko innlegg i rovdyrdebatten.
- LES OGSÅ: Bjørnen felt av bananskal
- Vi vil vise ulike sider av det å ha bjørn i vårt nærområde. Vi går også historisk til verks og viser korleis ein har sett og forholdt seg til bjørn, seier Gunnhild Systad i Sunnfjord museum.
(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER INNSLAGET)
- Måtte lide mykje meir
Men Per Hilleren kallar utstillinga som ein provokasjon mot bøndene. Den skal visast fram til skuleborn frå heile fylket. Hilleren hadde aldri trudd at den skulle visast fram slik. Han meiner det er umogleg å samanlikne ein bjørn skoten under jakt, og sauer som er rivne ihjel av ein bjørn.
- LES OGSÅ: - Ei ærleg og naturleg utstopping
- Det er litt merkeleg. Dette er ein bjørn som går rundt og river sauene sunde, bit av dei jur, der dyra lir mykje meir enn det bjørnen gjorde som fekk eit dødeleg skot gjennom seg, seier han.
KVA MEINER DU OM MÅTEN BJØRNEN SKAL FRAMSTILLAST PÅ? SEI DI MEINING UNDER:
Les
Bjørn i Sogn og Fjordane
- Fellingslag klare til å rykkje ut
- - Ei naturleg utstopping av bjørnen
- Bøndene rasar mot utstoppa bjørn
- Bjørnejakt til 150.000 kroner
- - Nei Gud, fekk vi bjørneskinnet?
- Musea får bjørnefellen
- Redd for bjørne-fokus
- - Bøndene får i pose og sekk
- Ingen ny rovdyr-debatt
- Kjøtauksjon på bjørnen i morgon
- Kven betalar bjørnejakta?
Siste: Sogn og Fjordane
- Han har bakt 1200 morsdagskaker
- June Andenæs mot historisk medalje
- No skal Gjøran representere Norge
- Mot tidenes cruisesesong
- I grøfta med fleire tonn sponplater
- Turistnæringa fryktar eurokrisa
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF
- Kleppa vil gi drosjene betre vilkår
- Fleire klaga til Pasientombodet
- Bussen er vekk frå E39-rasteplass
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
Han har bakt 1200 morsdagskaker - June Andenæs mot historisk medalje
- No skal Gjøran representere Norge
- Mot tidenes cruisesesong
- I grøfta med fleire tonn sponplater
- Turistnæringa fryktar eurokrisa
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF
- Kleppa vil gi drosjene betre vilkår
- Fleire klaga til Pasientombodet
- Bussen er vekk frå E39-rasteplass

Kjøthandlaren hentar bjørnen heim
Sjå bjørnebileta her
















Melodi Grand Prix i Florø