Hopp til innhold

Gaupa på ferde i Sogn

SNO ber folk om å melde frå om dei ser fleire.

Gaupe
Foto: Olav Svegård

Fleire stader i Sogn har det biltt sett mykje gaupespor i det siste. Gaupa har også gått laus på sauer. Bestanden har vore veksande dei siste ti åra og i fjor vart det felt nesten dobbelt så mange gauper som i 2007.

- Ta kontakt

Rein-Arne Golf seier at med snø i fjella er spora lette å sjå, han ynskjer at folk som ser spor skal ta kontakt.

- Vi har registert ein del skader som gaupa har gjort på sau i området Leikanger, Sogndal og Luster. Men vi veit ikkje kor mange dyr det er, så vi ynskjer at folk skal melde frå slik at vi kan fylgje det opp

Ikkje lenger på raudlista

I fjor vart det registrert om lag 450 gauper i Noreg. Arten vart fram til då rekna som utrydningstruga, men kom med det ut av "raudlista". For å følgja utviklinga til stamma både her i fylket og elles i landet er Statens naturoppsyn avhengig av attendemeldingar frå folk som ser gaupe og spor av den. Informasjonen vil dei bruke for å talfeste kor mange gauper som er i Norge.

Forsyner seg av hjort og sau

Gaupene i Sogn har teke ein del sau men også hjort. Det treng ikkje berre vere negativt, meiner Golf.

- Den tar sau, men den er jo også med og trimmar hjortestammane som no er veldig store. Den tek dei svakaste dyra og er dermed med og held bestanden nede