11.02.2012

For dårleg kontroll av hjelpeverjer

Håndtrykk (NRK)

Illustrasjon

NRK

Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) meiner kontrollen av hjelpeverjer er så dårleg at det går utover rettstryggleiken.

Ein psykisk sjuk mann i Sogn og Fjordane mista arva på 200 000 kroner, og skuldar hjelpeverjen for ikkje å ha gjort jobben sin. Slike tillitsbrot er brutale, seier generalsekretær Liv Aarum i FFO.

- Du avheng av hjelpeverjen din. Når tillitsforholdet blir brote mellom den enkelte og hjelpeverjen, så svekkar det rettstryggleiken og tillitsforholdet. Den enkelte sine menneskerettar blir ikkje ivaretekne, Arum.

- Dramatisk brot

Hjelpeverje

  • Ein hjelpeverje er oppnemnt av staten til å bistå og forvalte verdiane for ein myndig person som grunna senil demens, utviklingshemning, eller sinnsjukdom ikkje kan ivareta eigne interesser.

Ein hjelpeverje er oppnemnd av staten for å ivareta ein enkeltpersons interesse. Men slik er det slett ikkje alltid. Generalsekretæren får årleg brev og telefonar frå fortvila funksjonshemma som har blitt fråstolne pengar. Og dei mistenkjer at hjelpeverjen står bak.

- Når verjen forsyner seg av midlane som er tilgjengelege, så er det eit dramatisk brot på tilliten, seier ho.

Store mørketal

Liv Arum

Liv Arum

Saka der ein person mista farsarva på 200 000 kroner, er den fjerde saka berre i år i Sogn og Fjordane som omhandlar kritikkverdig framferd frå ein hjelpeverje. Arum trur at storparten av sakene ikkje ein gang blir oppdaga.

- Eg vil tru at dette problemet er større enn det vi har oversikt over per i dag, seier ho.

Nytt lovverk

Difor går regjeringa no inn for å strame opp lovverket. I eit nytt høyringsforslag vil dei raud-grøne legge ned dei 420 overformynderia som i dag kontrollerer hjelpeverger over heile landet. Kontrollen skal i staden leggast til fylkesmannen.

- Det er behov for ein større grad av profesjonalisering av vergemålsinstituttet. Det kan vere for tilfeldig kven som utfører den oppgåva og kva kompetanse vedkommande har, seier statssekretær i justisdepartementet Astri Aas-Hansen.

Gått ut på dato

Astri Aas-Hansen (Foto: Studio/NRK)

Astri Aas-Hansen

Foto: Studio/NRK

Statssekretæren meiner den gamle vergemålslova er gått ut på dato.

- Det skal ikkje lenger vere slik at personar kan umyndiggjerast. For det andre vil vi ha på plass eit meir fleksibelt vergjemål. Rett og slett at ein ikkje tek over meir enn det som vedkommande faktisk har behov for støtte og hjelp til, seier Aas-Hansen.

Betre seint enn aldri

Lovforslaget skal fyrst til handsaming i Stortinget. Ifylgje statssekretæren vert det truleg ikkje noko lovendring før tidlegast neste år. Det er betre seint enn aldri seier Arum.

- Eg trur den nye vergemålslova som regjeringa har sendt stortinget, vil gjere at vi kan få eit skjerpa regelverk på dette. Og det er kjempebra, seier ho.