Hopp til innhold

Denne kammen vekkjer oppsikt

Funnet av denne kamen har vekt stor oppsikt blant arkeologar.

Kammen

- Denne kammen er laga av ein spesialist, slår arkeolog Morten Ramstad fast.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Funnet vart gjort i samband med utgravingane av den store kaupangen som har gått føre seg på garden Nordre Bjørkum i haust.

LES OGSÅ: Unikt vikingfunn i Lærdal

- Det er første gang eg ser den på ordentleg. Det spesielle er runeskriftene. Det er heilt unikt, seier arkeolog Morten Ramstad og fortel at eit slikt funn er veldig, veldig sjeldan.

Høg status

Arkeologen fortel at dei har gjort fleire oppsiktsvekkjande funn under utgravingane. Dei har funne kvernsteinar, tekstilar, store mengder med dyrebein. Men det er kamen alle let seg imponere av. Kammar hadde høg status i vikingtid og arbeidet med denne er utførd med kyndig hand.

- Ein kan verkeleg fornemme den sikre handa og stilsikre sansen til personen som har laga denne. Det har vore ein spesialist, sler Ramstad fast.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER INNSLAGET)

Video nsps_upload_2009_8_10_17_40_25_2007.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Omreisande spesialist

Arkeologane er ikkje sikre på kva runene tyder. Men runeinnskrifta tyder og på at dette var gjort av ein handverkar og spesialist. Kammen er antakeleg frå 800-talet .

- Det eine er at ein som heiter Øystein gjorde denne kam. Eller at han som kom austfrå gjorde denne kam. Det kan jo vere ein omreisande spesialist, undrar Ramstad.

Fann nøkkel

Vikingfunn i Lærdal

Deler av eit gevir som er funne i Lærdal.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Fleire funn tyder på at vikinghuset vart nytta som både kam- og tekstilverkstad. Rolf Bade, som fann kammen, fortel om ein stor omn, ulltrådar, nåler, restar av tekstilar, vevlodd og spinnhjul.

- Det er litt artig at ein i tillegg til alle tekstilreiskapar og kammen, fann ein nøkkel. Det kan vere nøkkel til huset, som nokon har mista og som ein fann att no 1 400 år seinare, fortel han.

Offerfunn

Funna i Lærdal kan dokumentere ein heil del om vikingsamfunnet. Ramstad reknar med opp mot 200 000 dyrebein når dei er ferdige om ein månads tid. I tillegg fann dei ein partert geitekilling eller lam i ei grop. Truleg eit offer.

- Offerfunna på tingstad kjenner vi til frå skriftlege kjelder, men arkeologisk har ein svært sjeldan funne gjenstandane på bustadane. Funna stadfestar biletet som vi trudde fantes, seier Ramstad.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER INNSLAGET)

Video nsps_upload_2009_8_11_13_55_32_2048.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

30 ulike hus

Utgravingane vert gjort i samband med den nye traseen for E16 som skal gå tvers gjennom staden. Tidlegare kulturdirektør i Sogn og Fjordane, Lidvin Osland, har teke til ordet for å flytte traseen for stamvegen .

Området ved Nordre Bjørkum har vist seg å ha særs gode bevaringstilhøve. I alt er det avdekka kring 30 ulike typar hus, både meir permanente stolpehus og hus for ulike typar produksjon.

Førstkommande laurdag er det open dag, med aktivitetar, orientering, omvising og framsyning av gjenstandar.