Hopp til innhold

Dronninga på opera-premiere

Ni år gamle Hanna Holmøyvik Starheim og ti år gamle Johan-Olav Smørdal Botn fekk gi buketten då dronning Sonja kom til Eid.

Hanna Holmøyvik Starheim og Johan-Olav Smørdal Botn
Foto: Rune Fossum/NRK

Ho kom til Nordfjordeid for å vere med på premieren på Carmen ved opera Nordfjord. Dette er den første klassiske operaen ved operahuset og markerte starten på operaveka.

Alle dei åtte framsyningane av Carmen var utseld alt tidleg på sommaren i år, og over 200 personar er involverte .

Sjå bileta frå dronningbesøket

Mange hadde møtt fram

Etter å ha landa på Sandane, kom ho til Nordfjord Hotell der ho vart motteken av ordførar Sonja Edvardsen og hotelldirektør Eli Førde Aarskog.

Ei smilande donninga fekk ein opera-pin av ordføraren og blomster av Hanna og Johan-Olav som er elevar ved Stårheim barneskule.

Omlag 100 personar hadde teke turen og dei song «Ja, vi elskar».

- Nyttar å gå saman

Dronning Sonja

HELDT TALE: - Det nyttar å samle kreftene.

Foto: Rune Fossum/NRK

Etter det gjekk turen vidare til Opera Nordfjord der dronninga såg "Carmen". Operahuset vart opna i vår etter at ekteparet Kari og Michael Pavelich i mange år hadde sett opp opera i bygda.

I opningstalen fokuserte dronninga på at vesle Eid har fått til eit så stort og flott operahus. Ho sa at det nytta å gå saman og samle kreftene.

Tykte det var flott

Då framsyninga var slutt var dronninga tydeleg nøgd, og ho takka representantar frå operaen.

- Eg tykte dette var flott og vi sjåast snart igjen, sa ho.

Klokka 22.45 er det premieremiddag på Nordfjord hotell. I morgon besøkjer dronninga Opera Norge-konferansen i Gamlebanken.

Les også: over 200 personar er involverte

Dronning Sonja kjem til Opera Nordfjord

PÅ OPERAPREMIERE: Dronninga kom for å sjå operaen Carmen.

Foto: Rune Fossum/NRK