Hopp til innhold

Tommy-mål hjelper Sogndal

Eit kanonmål av Tommy Øren kan vere gull verd for gamlelaget hans, Sogndal.

Tommy Øren
Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

I 1. divisjonskampen mellom HamKam og Kongsvinger dunka han inn det einaste målet etter 80 minutts spel.

Sogndal nær direkte kvalifisering

Det gjorde at Kongsvinger gjekk poenglause av bana, og dermed er Sogndal berre eitt poeng bak Kongsvinger i kampen om direkte opprykksplass. Kongsvinger har 46 poeng og 12 plussmål, medan Sogndal har 45 poeng og 13 plussmål.

Øren-perle

Og målet var ei skikkeleg perle. Årdølen fekk ballen på 20 meters hald, lobba ballen over ein motspelar og klinka til med strak vrist. Ballen gjekk i høgre stolpe oppe i krysset og inn i nettmaskane.

Og det var ein fortent siger til HamKam, som no er vekke frå nedrykksplass. Laget kriga best, og Tommy Øren var etter kampen klar på at dei må krige like godt i dei neste kampane for å unngå nedrykk.

– Deilig

Øren var godt nøgd med målet sitt.

– Det er deilig når slikt går inn etter all motgangen vi har hatt.

– Slikt ein drøymer om

Og trenar Vegard Skogheim gledde seg over poenga og målet til Øren.

– Ei fantastisk skåring, det er slikt ein fotballspelar drøymer om. Tommy Øren er ein av spelarane våre som må stå fram om vi skal vinne, og det gjorde han i dag, sa Skogheim til NRK etter kampen.

Gledeleg for Bolseth

Sogndal-kaptein Rune Bolseth gler seg over utfallet av kampen mellom HamKam og Kongsvinger.

– Det er ekstra gledeleg at det var Tommy som skåra. For oss handlar det om å gjere jobben sjølv framover, så kan det bli spennande når vi møter Hønefoss i siste serierunde.