Hopp til innhold

Fengsel i eitt år for 32 lovbrot

Fjordane tingrett har dømt ein mann i slutten av 20-åra til fengsel i eitt år utan vilkår for i alt 32 lovbrot.

Norges lover
Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

Han vart frifunnen for ni lovbrot.

Ein del av brotsverka mannen har gjort seg skuldig i er av eldre dato, det eldste frå 2005.

Allsidig i valet av tjuvegods

Han braut seg inn ei rekkje stader i ytre Sunnfjord og ytre Sogn, og var nokså allsidig i valet av tjuvegods. Han stal verktøy, mobiltelefonar, fiskeutstyr, lyd- og lysutstyr, elektriske artiklar, motorsager, pc, pynteartiklar og innbu.

Han er og funnen skuldig i ei rekkje tilfelle der han har lurt frå folk bilar og motorsykkel utan å betale for dei.

For fort fordi han rulla røyk

I tillegg kjem promillekøyring, fleire tilfelle der han køyrde bil utan førarkort og eitt tilfelle der han vart teken for å ha køyrt for fort. Han køyrde i 104 kilometer i timen i 80-sona. Til politiet sa han då at han var oppteken med å rulle seg røyk, slik at han ikkje såg godt nok på speedometeret!

Når ein så tek med nokre tilfelle av kjøp og oppbevaring av narkotiske stoff som hasj, amfetamin og tablettar, så kjem synderegisteret opp i 32 brotsverk som retten fann han skuldig i.

Retten meiner det er formildande at fleire av brotsverka er av eldre dato, men skjerpande at den omfattande kriminelle verksemda har påført mange personar ekstra belastningar og påkjenningar.

Må betale erstatning

Fjordane tingrett har avgjort at mannen i tillegg til fengselsstraffa på eitt år må betale i alt 82.738 kroner i erstatning til folk som har vore utsette for brotsverka hans.