Hopp til innhold

Truleg ja til badeland

Det blir truleg eit fleirtal for det omstridde badeanlegget i Luster. Det er klart etter ein ringerunde NRK har gjort. Truleg stemmer 17 i kommunestyret for, medan 12 stemmer mot eit nytt badeanlegg.

Prosjektskisse av Luster bad
Foto: Asplan Viak

Striden omkring badeanlegget har skapt eit enormt engasjement og splittar innbyggjarane i Luster.

Steinar Bruheim i Venstre er skuffa over det som truleg blir resultatet i Luster kommunestyre i dag.

Usikker

Men det var ein som ennå ikkje hadde bestemt seg da NRK snakka med ham i går. Anders Bolstad i Arbeidarpartiet stemte for eit badeanlegg i formannskapet, men no er han usikker. Og han har ikkje vore den einaste. Også Ivar Kvalen i Senterpartiet har fått kritikk for å vingle etter at han snudde frå ja til nei.

– Det er no ein gong slik at når ein stiller seg for hogg, vert ein trefte. Og i denne saka har det vore høgare temperatur enn det elles er, seier Kvalen.

Sjå og Pressa til å seie nei til badeland

Stort engasjement

For det føreslegne badeanlegget har skapt eit enormt engasjement i kommunen, og satt mange sinn i kok. Eit slikt anlegg vil komme til å koste 91 millionar kroner , med ein årleg utgift på fem millionar. Bruheim i Venstre er bekymra for at desse utgiftene vil føre til store kutt i kommunen sitt tenestetilbod.

– Det vil gå ut over mange kommunale tenesteområde og velferdstiltak som kutt i skule, oppvekst, kultur og teknisk tenesteområde, seier Bruheim.

Sentrum mot periferi

Men eit nytt badeanlegg får ikkje berre økonomiske konsekvensar. Både Bruheim og Bolstad fryktar splittinga denne saka har ført til.

– Det fører til ein splitta kommune der sentrum står mot periferi, og det har ikkje ein kommune som Luster råd til.

Sjå også Bygdelag uroa etter badeland-ja

Hentar heim representant frå ferie

Leiar for Luster Arbeidarparti, Stein Olav Njøs, har kalla heim folk frå ferie i Spania for å sikre flest mogleg ja til badeanlegget skriv Sogn Avis.

Kirsten Vikdal frå Ap kjem heim eins ærend frå ferieturen sin i Spania for å stemme for badeanlegget.

Avisa skriv at partiet truleg har henne heim for å unngå at varamannen hennar skal møte til handsaminga av saka. For varamannen Johnny Gjerde frå Skjolden har tidlegare sagt at han vil ha ei folkerøysting om anlegget.

Leiar i Luster Ap, Stein Olav Njøs, seier han kalla heim Vikdal frå ferie fordi det er hans plikt å syte for at partiet sine folk stiler i ei så viktig sak.