Nei til Olav H. Hauge-tekstar

Folkemusikaren Unni Løvlid frå Hornindal vert nekta å synge i Nedstryn kyrkje.
Publisert 22.09.2009 08:38.
- Kommentarer
- Skriv ut
Ho er på turné med songtekstar av diktaren Olav H. Hauge, men soknerådet i Nedstryn sa nei mellom anna fordi tekstane til Hauge ikkje er sterkt nok knytte til den kristne trua.
– Litt trist
Unni Løvlid hadde gledd seg til å spele i heimtraktene og er skuffa over avslaget.
– Eg synest det er litt trist, og eg vil jo tru at det er første gongen tekstane til Olav H. Hauge ikkje slepp til i eit kyrkjerom.
Turnert i 16 land
Det er gjennom Førdefestivalen at Unni Løvlid saman med to andre musikarar skal halde to konsertar i Sogn og Fjordane med songar av Hauge. Løvlid har turnert med konserten i 16 land og seier ho har halde fleire slike konsertar i kyrkjer. Men for fyrste gong har ho blitt nekta, og det attpåtil nær hennar eiga heimbygd.
– Desse songane har vi framført i alt frå palass til slum og kyrkjer. Vi har turnert i Asia i tre månader, og vi har spela over 40 konsertar. Vi har og turnert i Norge, og det er første gongen nokon seier det fell utanfor. Det er litt sterkt å oppleve.

Olav H. Hauge
NRK– Ekstra sårt
Informasjonsjef Torill Faleide i Førdefestivalen er rysta over at den anerkjende folkemusikaren vert nekta tilgang.
– Eg er veldig skuffa. Unni Løvlid er frå Nordfjord, og når ho no har turnert over heile verda med desse tekstane trur eg ho tykkjer det er ekstra sårt å bli nekta å synge i ei kyrkje i Nordfjord. Det er ikkje veldig raust, det er vel heller tvert om.
Kontrabeskjed
Ho seier dei først fekk beskjed om at kyrkja var ledig, men så kom det ein kontrabeskjed.
– Der stod det at soknerådet hadde drøfta saka på ny, og at dei ikkje kunne finne at tekstane var foreinlege med det dei ville ha i kyrkja.
– Men Olav H. Hauge er ikkje nokon salmediktar. Er det ikkje greitt at kyrkja set grensa ein stad og seier at kyrkja er til for religion og ikkje alt mogeleg anna?
– Det kan dei gjerne gjere. Men då må dei sjå på kva anna dei brukar kyrkja til. Eg ser at det er svært varierande praksis rundt i dei ulike kyrkjesokna.

Nedstryn sokn er det største soknet i Stryn kommune. Leiar Hildegunn Støve seier ho skjønar at Unni Løvlid og Torill Faleide er skuffa. Men soknerådet har saman med kyrkjeverje og prest kome fram til at Unni Løvlid ikkje får halde konsert i kyrkja.
Jubileumsfeiring
– Vi hadde dette oppe i soknerådet, og dei som er kjende innanfor salmesong og musikk meinte at Hauge var ein ukjend diktar for dei. Men vi har ikkje sagt nei for å støyte dei. Vi har sagt nei fordi vi meiner vi har nok arrangement utover hausten.
Støve seier det ikkje berre er på grunn av mangelen på kristent innhald at kyrkja let att døra. Nedstryn kyrkje er 150 år i år, noko som soknerådet vil feire gjennom fleire arrangement. Då passar det dårleg med konkurranse om publikum.
– I november har vi hovudjubileumsfeiringa, men vi har teke til å feire det alt no, så vi følte at vi måtte seie nei takk til denne konserten no.
– Sterkt religiøse
Løvlid skal framføre tekstane til Hauge først i Balestrand fredag, konserten som skulle vere i Stryn er flytta til Anders Svor-muséet i Hornindal. Løvlid meiner sjølv at tekstane til Hauge passar fint i ei kyrkje.
– Eg opplever fleire av dikta som veldig sterkt religiøse. Han skriv mykje om det heilage og det å ta vare på det heilage.
Siste: Sogn og Fjordane
- Ny stor Havyard-kontrakt
- Fylkesmannen avviser Berg-klage
- Han har bakt 1200 morsdagskaker
- June Andenæs mot historisk medalje
- No skal Gjøran representere Norge
- Mot tidenes cruisesesong
- I grøfta med fleire tonn sponplater
- Turistnæringa fryktar eurokrisa
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF
- Kleppa vil gi drosjene betre vilkår
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
Ny stor Havyard-kontrakt - Fylkesmannen avviser Berg-klage
- Han har bakt 1200 morsdagskaker
- June Andenæs mot historisk medalje
- No skal Gjøran representere Norge
- Mot tidenes cruisesesong
- I grøfta med fleire tonn sponplater
- Turistnæringa fryktar eurokrisa
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF
- Kleppa vil gi drosjene betre vilkår


















Melodi Grand Prix i Florø