09.02.2012

Sorgarbeid på Facebook

Facebook (Foto: Solum, Stian Lysberg/SCANPIX)

Sørgande nyttar Facebook som trøyst i sorga.

Då ein ung mann tok livet sitt i Nordfjord nyleg, starta kameraten Ole Nordnes ei minnegruppe på Facebook som på kort tid fekk over tusen medlemer.

Over tusen melde seg inn

Det er søndag 6. september 2009. Ein ung mann i Nordfjord tek sitt eige liv. Kort tid etter vert det oppretta ei minnegruppe på Facebook. Over tusen menneske melder seg inn.

Ole Nordnes har vakse opp med den unge mannen som tok sitt eige liv, og det var han som laga minnesida på Facebook. Kva er det som gjer at me blottlegg sorga vår så heile verda kan sjå?

Dikt og kondolansar

– Eg kjende at det var betre med ei gruppe å melde seg inn i, og denne gruppa vart veldig fin, med mange diktinnlegg. Det er fint å sjå at så mange melder seg inn og skriv dikt og kondolansar til familien.

Petter Bae Brandtzæg er psykolog og forskar ved SINTEF. Han trur at det å samlast om sorga på internett er naturleg for unge menneske, då dei skil lite mellom livet på internett og livet i den verkelege verda.

– Ser mykje positivt i det

– Eg trur det betyr mykje for dei, for då får dei delta aktivt i sorgarbeidet på ein annan måte enn tidlegare. I det store og det heile ser eg mykje positivt i det, fordi dei treff likesinna og dei finn og stor sosial støtte gjennom desse mediene.