Hopp til innhold

120 må gå ved Florø-verft

Dei tilsette ved Florø-verftet STX Europe vart i dag orientert om at kring 120 vil misse jobben.

Video nsps_upload_2009_9_16_18_28_49_1804.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Verftet vil no satse på offshore-vedlikehald, skriv firdaposten.no . STX Europe, som ved årsskiftet hadde kring 265 tilsette, har per i dag kring 200 tilsette.

- Dei tok det med fatning, og det kom ikkje som noko bombe på oss. Men vi har håpa i det lengste på at vi skal få kontrakter. Det er ein trist dag for alle tilsette, seier tillitsvald Audun Grønnevik til NRK.

Vil hjelpe til

Nedbemanninga vil gå gradvis etterkvart som verftet får mindre arbeid. Den vil vere fullført i mars-april neste år. Då vil mellom 70 og 80 personar ha verftet som sin arbeidsplass. Bollestad vedgår at det var ei tung melding han i dag måtte medele sine tilsette.

- Vi vonar å halde liv i verftet til vi kanskje får større aktivitet seinare. Vi skal hjelpe dei som må gå, på best mogleg måte i denne vanskelege prosessen, seier administrerande direktør Kjetil Bollestad.

- Kunne ikkje vente lenger

Verftet har att berre to byggeoppdrag. Neste båt i Stolt-serien skal leverast i november. Siste båt blir overrekt i februar/mars neste år. Etter det, er det smått med kontraktar .

- Verftet i Florø har prøvd i fleire år å få nye kontraktar utan å lukkast. No nærmar det seg levering av siste båt i Stolt-serien som vi held på med. Vi kunne ikkje sitte lenger å vente og må restrukturere verftet til offshoreaktivitet, seier Bollestad til NRK.

- Fleire faktorar

Administrerande direktør fortel at det er fleire faktorar til at verftet ikkje får kontraktar.

- Det eine er dollarkursen som gjer det veldig vanskeleg for oss. Det andre er finanskrisa som gjer til at mange skip ligg i opplag, samstundes som det blir bygt mange nye som går rett ut i opplag. Mange verft har også problem med å få nye kontraktar og gjer at prisane blir dumpa generelt over heile verda, seier han til NRK.

Tredje runda med oppseiingar

Det vakte stor optimisme då sørkoreanske STX kom på bana og kjøpte tidlegare Aker Yards i fjor. Verftet gjekk då med store underskot . Men nedturen held fram med dei nye eigarane. Det er ikkje første runda med oppseiingar verftet må igjennom. I byrjinga av september fekk 30 fast tilsette melding om at dei måtte gå. Det same fekk 35 tilsette i byrjinga av april .

- Vi har sagt opp kring 60 tidlegare i år, om lag alle desse har arbeid. Men det blir vel vanskelegare og vanskelegare å få seg arbeid etterkvart som folk går ut frå verksemda, seier Grønnevik.

Har ikkje gjeve opp

Tillitsvald Grønnevik vonar at omlegging av verksemda får STX Europe gjennom krisa. Sidan nyttår har kring 185 tilsette fått beskjed om at dei ikkje lenger får arbeide der.

- Men vi har ikkje gjeve opp. Det har sett mørkt ut før, spesielt på 80-talet. Eg trur vi kan komme opp att om eit år eller to, vonar han.