Hopp til innhold

Til sjukehus etter trafikkulukke

To personar er sende til Førde sentralsjukehus etter ei trafikkulukke på riksveg 60 mellom Utvik og Innvik.

Eit einsleg køyrety skal i halv fem-tida ha hamna utfor vegen.

I bilen sat det to personar som begge er sende til Førde sentralsjukehus.

Det er førebels ikkje klart kor skadd personane er, men politiet seier dei førebels er rekna som lettare skadd.

Politiet veit førebels ikkje noko om årsaka til utforkøyringa, og vil arbeide vidare med saka utover dagen.