Hopp til innhold

Tre dømd for overgrep mot 13-åring

Tre tenåringsgutar er dømde for overgrep på ei 13 år gamal jente i Florø.

Dei tre gutane er i Fjordane tingrett dømde for i fellesskap å ha hatt samleie og seksuell omgang likestilt med samleie med ei 13 år gamal jente, skriv firda.no .

- Grei dom

Overgrepet fann stad på eit toalett ved Flora idrettshall i mai 2008. Den eldste erkjende seg skuldig etter tiltalen. Han vart dømd til fengsel i to år, der eitt år og ti månadar av straffa er med prøvetid på to år. Jenta er også tilkjend 150 000 kroner i oppreisingserstatning frå dei tre.

- Domen er vel eigentleg grei, men vi stiller spørsmålsteikn ved oppreisinga. Eg tykkjer den, etter praksis, er for høg, seier forsvararen hans, Walter Høivik, til NRK. Han har ikkje drøfta domen med klienten sin.

Vurderer anke

- For oss ser eg det ikkje som aktuelt å anke straffeutmålinga, men vi har ikkje teke stilling til om vi vil levere inn anke over oppreisingsspørsmålet, held Høivik fram.

LES OGSÅ: Tre tiltalte for overgrep

I retten erkjende også dei to yngste gutane dei faktiske forholda, men nekta straffskuld. Aktor uttalte til NRK før rettssaka at han vurderte å legge ned påstand om samfunnsstraff for dei to yngste . Retten dømde dei til eitt års fengsel med prøvetid på to år.

Ikkje valdtekt

I retten fortalde både jenta og dei tre gutane at kontakten mellom dei oppstod om lag ei veke før overgrepet fann stad. Gutane skal ha spurt om ho kunne tenke seg å ha seksuell kontakt med ein eller fleire. Retten la til grunn at jenta skal ha gjeve ein viss respons på dette.

LES OGSÅ: - Burde ikkje oppgitt etnisitet

Då overgrepet skjedde skal den eine guten først ha avtalt seksuell omgang på toalettet. Etterkvart skal dei to andre gutane ha kome inn.

Oppskaka medelevar

Ingen av gutane skal ha gjort noko forsøk på å finne ut kor gamal jenta var. Retten la også vekt på at jenta låg monaleg etter sine jamaldrande både emosjonelt og sosialt.

Både elevar og foreldre vart oppskaka etter hendinga . Ingen av dei tre dømde bur i Flora i dag. Det lukkast ikkje NRK å få kontakt med aktor Jogeir Nogva om saka.