Hopp til innhold

Nei til asylmottak

Jølster vil heller ha turistar enn asylsøkjarar på Vassenden.

Jølster Hotell
Foto: Ottar Starheim / NRK

Måndag sa formannskapet i kommunen eit klart nei til eit asylmottak ved Jølster hotell.

Avtale med UDI

Eigaren av hotellet, Ottar Øygard, har avtale med UDI om oppretting av mottak, men kommunen, som høyringsinstans, vil heller at Jølster hotell skal vidareførast som hotell.

Varaordførar Judith Kapstad seier det er to grunnar til at politikarane ikkje vil ha eit mottak.

– Det eine er den belastninga det vil vere for eit lite lokalsamfunn å ta i mot over 100 asylantar. Då tenkjer vi på skule og barnehage og alle dei tenestene som er rundt for at det skal bli vellukka.

– Det andre er omsynet til hotelldrift og reiselivsnæringa. Der er eit sterkt ønskje blant lokalbefolkninga at dette hotellet held fram som hotell. Det treng vi i reiselivsnæringa, og det ville vere synd om dette blir eit asylmottak i mange år framover.

Gjere det beste ut av det

– Kva viss det kjem eit asylmottak trass dykkar ønskje ?

– Då skal vi prøve å leggje til rette for det, og takle den situasjonen som oppstår. Det vil setje oss på ein prøve, men vi må gjere det vi kan for at det skal lukkast best mogleg.