Hopp til innhold

Henta heim 27 medaljar frå UM

Friidrettsutøvarane har i helga levert eit sterkt UM på Nadderud.

Marte Rygg Årdal

Marte Rygg Årdal (Brodd) fekk premie for beste utøvar i jenter 17 år, fekk pris frå Friidrettens Venner og tre medaljar i meisterskapen.

Foto: Sander Heggheim

Det var ikkje berre regndråpar som dryssa over friidrettsutøvarane på Nadderud i helga. Fasiten etter Ungdomsmeisterskapen er 27 medaljar til Sogn og Fjordane. Av desse var seks av edlaste valør.

Sterkt av Florø

Etter 25 medaljar på dei to første dagane , følgde Endre Kvame Berstad (Oppstryn) opp med bronsemedalje på søndagen. Florø sette punktum med bronsemedalje på 4x1 000 meter stafett.

Heile ti klubbar frå fylket tok medaljar, men Florø T&IF peiakr seg ut som den største medaljegrossisten med heile 16 medaljar. Klubben er med å kjempar om topplasseringa i guteklassa i samandraget. Florø er også venta å vere blant dei beste totalt.

To gull, sølv og bestemannspremie

I krinskonkurransen tok Sogn og Fjordane ein sterk 3. plass bak Hordaland og Akershus. Tek ein omsyn til innbyggjartala, er det ein svært sterk prestasjon.

Medan Florø peika seg ut på klubbnivå, var Marte Rygg Årdal (Brodd) mellom utøvarane som utmerka seg mest. 17-åringen frå Gloppen henta heim to gull og ei sølv, samt prisen frå Friidrettens Venner. For gullkastet i slegge, vanka det også bestemannspremie i årsklassa si.

Medaljegrosisstane

Valør

Namn

Klubb

Alder

Øving

Resultat

GULL

Jens Christian Andenæs

Fjellhug/Vereide

16 år

Høgde

1,83

GULL

Øyvind Strømmen Kjerpeset

Florø

18/19 år

110 m hk

15,25

GULL

Øyvind Strømmen Kjerpeset

Florø

18/19 år

400 m hk

58,13

GULL

Frida Norem Føleide

Florø

16 år

Slegge

44,74

GULL

Marte Rygg Årdal

Brodd

17 år

Kule

10,67

GULL

Marte Rygg Årdal

Brodd

17 år

Slegge

53,31

SØLV

Sander Sekkingstad Terum

Aurland

16 år

1 500 m hi

4,25,65

SØLV

Petter Gulestø

Florø

15 år

Diskos

49,30

SØLV

Petter Gulestø

Florø

15 år

Slegge

51,30

SØLV

Frida Norem Føleide

Florø

16 år

Diskos

30,99

SØLV

Jostein Fossøy

Førde

17 år

Lengde

6,51

SØLV

Marte Rygg Årdal

Brodd

17 år

Diskos

33,23

SØLV

Knut Olav Øygard

Jølster

17 år

3 000 m

8,54,03

SØLV

Magnus Olav Myrhol

Svelgen

15 år

Stav

3,11

BRONSE

Sveinung Grøneng Havn

Florø

16 år

Kule

13,64

BRONSE

Sveinung Grøneng Havn

Florø

16 år

Diskos

40,59

BRONSE

Jørgen Midtbø Bjørkedal

Florø

18/19 år

Tresteg

13,50

BRONSE

Daniel Ullaland Nekkøy

Florø

18/19 år

Kule

12,86

BRONSE

Synne Våge Jagedal

Florø

16 år

Tresteg

11,12

BRONSE

Gunnvor Leikanger Feidje

Florø

17 år

Tresteg

9,88

BRONSE

Ole Petter Loftesnes

Syril

17 år

300 m hk

41,55

BRONSE

Andreas Berge

Oppstryn

15 år

Stav

3,11

BRONSE

Endre Kvame Berstad

Oppstryn

15 år

Kule

14,00

BRONSE

Daniel Hessvik Holm

Svelgen

16 år

Stav

3,61

BRONSE

Pål Valberg

Svelgen

16 år

100 m hk

15,66

BRONSE

Dag Einar Bøtun

Vik

17 år

2000 m hi

6,45,33

BRONSE

Jørgen M. Bjørkedal, Ole Jacob Lid, Jonas Brandsøy, Øyvind S. Kjerpeset

Florø

 

1 000 m stafett

2,02,43

Ekspander/minimer faktaboks