10.02.2012

Nektar å heite Mikael

Robin Solberg (Foto: Arve Uglum/NRK)

Robin Mikael Solberg vil bryte alle band til Michael Owen.

Foto: Arve Uglum/NRK

Ung Liverpool-supporter nektar å vere oppkalla etter Michael Owen.

- Eg vil byte namn. Han skuffa meg då han gjekk til United. Eg vil ha vekk Mikael, seier Robin Mikael Solberg.

Den 13 år gamle guten er offer for at faren Joar fekk viljen sin då familien Solberg fekk den tredje sonen på rad, og mor var tom for idéar til gutenamn.

Høyr Robin fornekte namnet sitt her


Far fekk viljen sin

- Eg har alltid vore ein svoren Liverpool-supporter, og no såg eg sjansen min. Eg døypte han Robin Mikael etter Robbie Fowler og Michael Owen, som var spissparet til Liverpool den gongen.

- Sler det det som like lurt den dag i dag?

- Eg har jo gjort meg nokre tankar om det, flirer Joar Solberg.

Problema oppstod 3. Juli i år. Etter opphald i Real Madrid og Newcastle melde Michael Owen overgang til Liverpool sin erkefiendende Manchester United. For Robin Mikael, som er ein minst like ivrig Liverpool-supporter som faren, var det utilgiveleg.

Forstod me hadde eit problem


Michael Owen scoret sitt første tellende mål for Manchester United mot Wigan (Foto: NIGEL RODDIS/REUTERS)

Synet av ein jublande Michael Owen i United-drakt vart for mykje.

Foto: NIGEL RODDIS/REUTERS

- Eg forsto med ein gong at no hadde me fått eit problem, seier pappa Joar.

- Eg tenkte vel at det kom til å roe seg etter kvart, men det har det ikkje gjort. Han snakkar berre meir og meir om å byte namn, legg han til.

Robin Mikael prøver no å få faren si godkjenning til å slette Mikael-namnet frå folkeregisteret, slik han har fjerna det frå daglegtalen.

- Då den nye læraren min spurt om eg heitte Robin Mikael sa eg at det var feil og at eg berre heiter Robin, forklarar sonen.

United-spissene knuste Wigan

Pappa nektar

Problemet er at faren har vist seg å vera vanskeleg å overtala. For det første har han ikkje gitt opp håpet om at Michael Owen igjen skal spele for Liverpool, for det andre er han skeptisk til å klusse med namnet sonen fekk i dåpen.

- Når han blir gamal nok får han gjere som han vil, men så lenge me bestemmer får han ha dette namnet, seier Joar Solberg.

- Dette er ikkje over enno, svarar sonen.