Hopp til innhold

- Dårleg behandla av Havyard

Tilsette ved Havyard Leirvik kritiserer oppseiingsprosessen ved skipsverftet.

Verftshallen til Havyard Leirvik
Foto: NRK

40 tilsette må gå, og mange av dei meiner behandlinga dei har fått er svært dårleg.

– Forstår ikkje

Magdalena Frankowska frå Polen fortel at onkelen hennar, Marek, er ein av dei. Han er fortvila over situasjonen. Han har jobba ved verftet i tre år, og han forstår ikkje kvifor han misser jobben.

– Han lurer på kvifor akkurat han må gå, sidan han har arbeidd der i tre år, og reknar seg som ein bra arbeidar.

40 tilsette må gå

Skipsverftet Havyard Leirvik i Hyllestad slit for tida. På grunn av høg aktivitet og større utgifter enn inntekter har 40 fast tilsette fått beskjed om at dei no er arbeidslause.

Mange av dei er polakkar, som reagerer på måten dei blir behandla på.

Oppseiinga send til Polen

Magdalena Frankowska fortel mellom anna at at oppseiinga til onkelen Marek vart send til Polen, sjølv om han har registrert heimeadressa si i Norge, der han har opphaldsløyve.

– Han måtte til Polen for å hente oppseiinga, og det var eit problem.

For seint å klage

For då han endeleg fekk tak i brevet var han for seint ute til å klage. Marek Grzelak har jobba samanhengande ved Havyard Leirvik i tre år. Tilsette med kortare ansiennitet har fått beholde jobbane sine.

Det likar ikkje Fellesforbundet. Distriktssekretær Oddbjørn Aalen følgjer situasjonen ved skipsverftet og er bekymra for at bedrifta er slepphendt med ansiennitetsprinsippet:

– Sist inn, først ut

– Det er nedfelt i hovudavtalen at sist inn skal først ut, og det har vore eit heilagt prinsipp for fagrørsla.

Han rår arbeidarane til å klage på prosessane. Tillitsvald ved Havyard Leirvik vil ikkje uttale seg så lenge dei jobbar med saka.

– Må sikre nødvendig kompetanse

Men verfts- og personaldirektør Bente Nesse ved Havyard Leirvik avviser at dei har gjort noko gale i oppseiingsprosessen. Ho seier ansiennitet veg tungt, og forklarer grunnen til at dei har gått vekk frå det i visse tilfelle slik:

– Vi er nøydde til å sikre oss at vi har nødvendig kompetanse i bedrifta framover, og ein skilnad i ansiennitet vil det nok vere i slike oppseiingssaker.

Husplanar i boss

Marek Grzelak og familien skulle byggje hus i Hyllestad. Som arbeidslaus familiefar er han no i ein fortvila situasjon:

– Planane hans gjekk rett i boss, seier niesa Magdalena.

Havyard Leirvik
Foto: Ottar Starheim / NRK