Hopp til innhold

Fannemel knuste alle konkurrentane

Anders Fannemel følgde opp gårsdagens sterke femteplass med ein endå sterkare siger i kontinentalcupen.

Anders Fannemel

Anders Fannemel strekte seg søndag til 137,5 meter. - Det var langt nok, gliser 18-åringen frå Hornindal.

Foto: Einar Løken

Fannemel strekte seg til 137,5 og 134,5 meter. Han vann med 277,3 poeng - over 13 poeng meir enn tyske Erik Simon.

SJÅ: HEILE RESULTATLISTA

- Dette betyr utruleg mykje. Eg har hoppa bra heile sommaren og vist for meg sjølv og andre at eg kan hoppe godt på ski. Endeleg, jublar den 18 år gamle honndølen.

Sistemann ut

Bak seg på resultatlista la han mellom andre fleire gonger verdsmeister og olympiamedaljør Roar Ljøkelsøy. Fannemel viste allereie i første hopp at han meinte alvor med 137,5 meter. Han leia med 0,4 poeng etter første omgang og opplevde for første gang å vere sistemann ut frå bommen.

- Det var spesielt. Eg har ikkje gjort det så mange gonger. Det var tyngre forhold, så det var var morosamt å få til eit skikkeleg bra hopp også i andre omgang, seier nordfjordingen.

- Endeleg

Det var gode forhold for alle i Lysgårdsbakken, og tyske Erik Simon tangerte hoppet til Fannemel med 137,5 poeng og leia før honndølen sette utfor. Men 18-åringen heldt nervane i sjakk og klinka til med eit hopp av høg klasse. Det tok litt tid før det gjekk opp for han.

- Eg var så nøgd med hoppet, at eg var nøgd uansett. Eg høyrde på speakeren at det vart førsteplass. Då skjønte eg at eg hadde vunne. Endeleg, seier han.

Sigeren løfta han til tiande plass i samandraget, med 145 poeng.

Anders Fannemel

Eit svært sjeldant syn. Hoppar frå Sogn og Fjordane tronar øvst på pallen i eit internasjonalt hopprenn.

Foto: Marius Nygård

- Meir rutinert

Fannemel har hatt ein oppsving i sommar. Mellom anna laurdag då han hoppa seg opp frå sjuande til femteplass i kontinentalcuprennet.

- Eg har fått lagt ned ein god del fysisk arbeid og har fått stabilisert meg på veldig bra nivå. Det blir fleire og fleire gode hopp. Og litt meir rutine. Eg har fått hoppa ein del renn, seier 18-åringen.

Vonar på World Cup

No vonar han på deltaking i World Cup-renn til vinteren.

- Det er realistisk om eg held fram slik som no. Du må vise at du kan hoppe på ski, det har eg gjort. Det er berre å jobbe hardt og vere tålmodig, så kjem det ein dag, seier han.

Kokkonen på sjette

Stårheimhopparen Akseli Kokkonen vart laurdag nummer 19 under særskilt ustabile forhold på Lillehammer. Søndag følgde han opp med hopp på 133,5 og 127,5 meter. Det gav han sjetteplass med 255,5 poeng.

Det vanka premie til dei seks beste hopparane. Søndag var tre av desse nordmenn - to av dei med tilknyting til Sogn og Fjordane.

Kokkonen er framleis nummer tre i samandraget, med 283 poeng. Det er 23 poeng til Primoz Pikl på sølvplass, medan Robert Kranjec toppar med 480 poeng.