Hopp til innhold

- Korleis kan ein far gjere slikt?

Faren til eit av Lommemannen sine offer førebur seg til å vitne i rettssaka.

Far til to gutar som vart misbrukt på Skjolden i Luster.

Faren til to av gutane som vart misbrukt på Skjolden i Luster, seier han gler seg til å møte Lommemannen i rettssalen. - Han må få høyre kva slags konsekvensar handlingane hans har fått, seier han til VG.

Foto: Arve Uglum / NRK

Under ein ferietur i Skjolden vart sønene hans utsett for overgrep av Lommemannen. No skal han vitne i saka mot bergensaren som har erkjent 20 overgrep mot barn.

- Slik eg ser det, er det ingen formildande omstende. Korleis kan ein person som sjølv er far gjere slike ting? Eg kan ikkje forstå det, seier han til VG .

- Gløymer aldri augo

Det var under ein ferietur at sønene hans vart utsette for overgrep i badstua på Fjorstova i Skjolden. Denne veka fekk han beskjed om at desse overgrepa er mellom dei påtalemakta meiner å bevise at den tiltalte har gjort.

- Eg gløymer aldri dei redde augene som møtte meg då eg kom ned i herregarderoben. Gutane endra personlegdom over natta, fortel han til avisa.

- Mange tunge stunder

Begge gutane fekk problem etter overgrepet som dei siste tre åra har prega familien. Han seier åra har vore vanskelege og at hendinga har øydelagt mykje for familien.

- Eg trur ikkje folk kan sette seg inn i korleis det er for ein familie å bli utsett for denne type handlingar. Det har vore mange tunge stunder, seier han og fortel at dei i dag snakkar minst mogleg om saka.

Slepp å møte i retten

Gutane har vore inne til videoavhøyr og treng ikkje å vitne i den kommande rettssaka.

- Eg er veldig glad for at dei ikkje skal i nærleiken av rettssalen, seier han til avisa. Sjølv blir han truleg eit viktig vitne for påtalemakta. Han er truleg ein av få vaksne som har sett Lommemannen.

- Brent inn i sjela mi

Det skjedde i sekunda etter at sønene hans var utsett for overgrepet. Då NRK intervjua tobarnsfaren etter at Lommemannen vart pågripen i fjor , var han skråsikker på at han kunne peike han ut.

- Ansiktet hans er brent inn i sjela mi. Det er som om det skulle skjedd i går. Eg skulle kjent han att blant mange tusen. Eg såg han jo mange gonger den dagen, sa han til NRK i fjor.

Det er sett av fem månadar til rettssaka som startar i november.